Johannes3_16 Skrevet 1. mars 2007 Del Skrevet 1. mars 2007 Hei! Kan du hjelpe? Eg gjorde nyleg eit (i mine auge) gullfunn då eg leita i "restekassa" til Elkjøp. Der fann eg ein Stereo FM Radio Handsfree (HPR-20) til min gode travar Sony Ericsson T630... for 39 kroner! Radioen fungerar veldig bra, problemet er at eg ikkje får bruka den som handsfree! Den var heilt ny og uopna, så ytre skader er nok ikkje grunnen til problemet. Ved innkommande anrop slår radioen seg automatisk av, slik den skal i følgje bruksanvisninga, men eg får altså ikkje lyd gjennom mikrofon/høgtalarar. Treng eg nevne at eg har prøva å trykkje på svartasten på mikrofondelen ved innkommande anrop...? Eg har forsøkt med både "Håndfritype 1" og "Håndfritype 2" under Innstillinger -> Håndfri -> Håndfritype, men utan hell. Kva skal den stå på? Det skal også gå an å utføre stemmestyrt oppringing ved å trykkje på knappen ved mikrofonen. Når eg trykkjer på denne knappen skjer det ingenting. På nettsidene til Sony Ericsson står det at handfrisettet er kompatibelt med min T630, så kva er då feil? Sidan radioen slår seg av automatisk ved innkommande anrop (og på att etterpå), skulle i allefall den delen av kommuniksjonen vere i orden. Kan det vere programvare som manglar, eller kan dette løysast på enklare/andre vis? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå