dTd Skrevet 4. februar 2007 Del Skrevet 4. februar 2007 (endret) fikk hjelp og takk for det =) Endret 5. februar 2007 av ClaW64 Lenke til kommentar
snarius Skrevet 4. februar 2007 Del Skrevet 4. februar 2007 (endret) Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Per, Pål og Espen Oskeladd som skulle på diskotek. Det var ein gong tre brør, Per, Pål og Espen Oskeladd. Espen var den yngste av dei, men likevel den smartaste. Ein dag skulle dei på diskotek. Per og Pål gadd ikkje pynte seg noko meir enn slik dei var på skulen. Men Espen fant fram dei nyaste buksene og den nyaste gensaren, han tok ein dusj, ordna seg på håret og fant fram litt parfyme. Per og Pål berre lo av Espen, sidan han ordna seg så mykje. På vegen til diskoteket så møtte dei på ei gammal kvinne som trengde hjelp med å bære nokon varer opp til leilegheit. Per og Pål berre sprang vekk, men Espen hjelpte den gamle kvinna. Det viste seg at kvinna var veldig snill. Ho gav Espen 200 kr for å hjelpe henne. Espen sprang etter Per og Pål og fortalde om dei pengane han fikk. Per og Pål blei misunnelege på han og ville ta i frå han penngane, men Espen klarte å behalde dei. Gutane gjekk vidare. Det var eit godt stykke igjen då dei møtte på ei lita jente som var aleine og gret. Per og Pål gadd ikkje hjelpe henne. Dei gikk mot diskoteket, men Espen snakka med ho og fann ut at mor og far var i butikken bak henne. Det var eit stort kjøpesenter og jenta kunne ikkje finne dei inne. Så Espen tok jenta med inn og fann foreldra. Denne gongen fekk Espen ein pakke med mints. Espen laup etter gutane og tok dei igjen. Denne gongen lo gutane av han. Kva skal man med mints? Dei smakar ikkje godt ein gong sa dei . Vidare gjekk dei, dei var nesten framme då Pål såg ein liten kattunge som var forvirra. Men nok ein gong gadd ikkje Per eller Pål å bry seg, men Espen tok opp kattungen. Den hadde visst ei lita lenkje med namn og adresse. Det var såpass nærme at Espen laup bort med kattungen. Det viste seg at kattungen var ein av 10 katter som levde i det huset og Espen kunne godt behalde kattungen om han ville. Espen tok kattungen med seg og laup etter gutane. Endeleg var dei framme. Dei gikk inn og såg seg omkring. Det var mange pene jenter her i kveld, men gutane såg ei spesiell jente. Ho var den vakraste av alle jentene der inne. Per og Pål gjekk bort med ein gong og prøvde å snakke med henne, men det viste seg at ho hadde ein bror som passa godt på henne. Verken Per eller Pål hadde så mykje pengar for å spandere ein drink på ho. Dei såg heller ikkje så attraktive ut i litt gamle klede og dei lukta litt rart. Broren til jenta ville ikkje at slike gutar skulle ha noko å gjere med hans syster så han tok dei i kvar sin arm og kasta dei ut. Så kom Espen sin tur. Han hadde jo på seg fine klede, og god lukt, han tok også ein mint for å forhindre vond lukt frå munnen. Han spurde broren om han kunne spandere ein drink på systra hans. Broren såg raskt på Espen og konkluderte med at Espen var godkjent og gav han lov. Jenta heitte Mia, ho likte at Espen spanderte ein drink på ho. Espen hadde også med kattungen, han viste ho den og ho synast den var kjempesøt. Det såg ut som om Mia likte han litt. Espen hadde jo pengar, ein søt liten kattunge og såg bra ut. Espen og Mia vart gode vener og seinare kjærastar, og levde lukkeleg saman lenge. Endret 4. februar 2007 av Imperivm_Romanvm Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå