aspic Skrevet 29. januar 2007 Del Skrevet 29. januar 2007 (endret) Eit kåseri om Petter Dass, ja du høyrde riktig, DASS! Eg huskar godt dei gode gamle dagane, rettare sagt barneskulen. Då vi for første gang høyrde om denne ”kjende” diktaren. Denne personen gjorde sin karriere som prest kombinert med diktar oppe i Nordland fylkje. Eg vil neppe påstå vi var noko særleg interessert i å høyra om livshistoria til denne karen med det morosame namnet: Petter Dass. Du lo godt no? Ja vel, ska godt gjerast å unngå å le når ein høyrar ein med etternamnet Dass. Det fengjer dei fleste, men sjeldan på den positive måten. Når du høyrer ordet Dass, tenkjer du heilt sikkert på ting som: Drit, bæsj, tiss og avføring generelt. Denne diktaren med det humoristiske etternamnet vart fødd ca. midt på 1600-talet. Under den storslegne, fargeglade og forvirrande barokktida. Guten lærte tidleg at verda ikkje var noko gjestmild. Det er vel ikkje mange som synest nettopp det. Kanskje rike folk med mykje pengar? Men pengar er jo ikkje alt, så tvilar på at dei synest verda er noko særleg enklare enn kva nettopp diktar Dass meinte i si tid. Faren til Petter døydde då han var 6 år gammal. Som du kanskje forstår så var ikkje faren 6 år gammal då han døydde for då ville jo aldri godaste Petter blitt til, men då Petter sjølv berre var ei barnerumpe på litt under 6 vintrar. Barnerumpe – Dass, tok du han? Dette må ha vært eit stort tap for Petter, men som ein seier: Det som ikkje drep deg gjer deg berre sterkare. Etter kvart som Petter vaks til, reiste han litt rundt i Noreg, men enda til slutt opp i København, der han studerte teologi. Dette var i ein alder på 19 år. Som folk og fe flest vart Dass raskt lei skulebenken, han levde under fattige kår og hadde så vidt råd til flisa i veggen. Etter 2 år gav han opp og returnerte til Noreg som huslærar. I huslærar jobben sin møtte han Margrethe. Og som ein uerfaren ungkalv fekk Petter til det heilt store, og rett som det var small han Margrethe på ”tjukka”. Dette var høgst forbode i Noreg på denne tida og Petter måtte reise heilt tilbake til København for å be kongen om tilgiving for å ha utuktig omgang med eit kvinnfolk utan å vere gift med ho. Eg skal ikkje nekta for at litt eksperimentering bør vera lov før ein må reisa til kongen for å be om unnskyldning.. Iallefall, Petter fekk tilgiving og gifta seg deretter med Margrethe, og som du kanskje tippa, når han først fekk smaken på sex, klarte han ikkje å stoppa og dei fekk enda ein unge. I 1689 vart Petter utnemnd til sokneprest i Alstadhaug. Dette var ein av dei beste stillingane ein kunne få på denne tida. Tannlækjarar, legar og advokatar vart alle sedd ned på, det var prest som var tingen! Petter hadde ei fantastisk utvikling frå ein galen unggut til ein vaksen og folkekjær prest. Han hadde godt hjartelag og mykje sunn fornuft. I songane sine sat han heile Martin Luthers’ katekisme på vers. Difor vart dei kalla Katekismus-songane. Eg veit da høyres ”freaky” ut, men slik var det i dei gode gamle dagane. Etter kvart byrja Petter, som alle andre å dra på åra, men han rakk likevel å få smelt ned ein del ord på papiret. I 1696 då ein hadde trudd at fyren var pensjonert gjorde han seg nettopp ferdig med hovudverket sitt, Nordlands Trompet. Dette verket er nok eigentleg heilt uinteressant for deg som høyrer på, men eg kan likevel nemna nokre sentrale emne som Petter tok opp. Han skrøyt relativt mykje øve den nordnorske naturen, folket i nordland, fiske, dyrelivet og saunaen. Og resten av det vetle som er å skryta øve der oppe i nord. Eit viktig verkjemiddel Petter brukte i tekstane sine er kontrastar. Dette var ikkje noko uvanleg under barokktida. Veddar på at eg sjølv hadde slengt med ein kontrast eller to om eg skreiv dikt i barokken. Men ALDRI om eg hadde brukt slike frisyrar og klede som var vanleg på den tida, det skulle kremen av godtfolk ha fått tatt seg av. Som alle veit går naturen sin gong, og Petter sitt liv enda til slutt, meir presisert, han strauk med i 1707, etter nokre år med sjukdom og motgang. Den dag i dag ligg gamlingen begravd under kyrkjegolvet i Alstadhaug kyrkje. Men minnet om den folkekjære presten som kom på kjøret så altfor tidlig, gamlingen med det hysterisk morosame namnet og alle nordlendingars helt, lev anten du vil det eller ei, med oss vidare den dag i dag Set pris på alt av kritikk! Endret 12. juni 2009 av aspic Lenke til kommentar
Ekko Skrevet 29. januar 2007 Del Skrevet 29. januar 2007 Teksten er bra skrevet. Det er en underholdende fremstilling av et egentlig ganske kjedelig tema. Hvorvidt egentlig kåserisjangeren er egnet til å skrive biografier kan vel diskuteres, men jeg synes du har gjort en god innsats. Ting jeg ikke likte: -Drit tiss og bæsj, avføring generelt. Du skriver i en ganske "voksen stil" etter min mening, men akkurat denne rekken ord tar teksten ned på et langt barnsligere nivå. Å bytte dette ut med en vag antydning av typen "det er mange ord som kjem til sinns når man hører ordet dass, men velklingande poesi er vel knapt eit av dei". (Pardon my french) -"huslærar jobben", dette skal være ett ord. -Når du skriver suana så antar jeg at du vet at ordet som passer inn er fauna, men har gjort dette med vilje for å legge på en ekstra spøk. Jeg synes også at setningen som kommer etter "sauna" kunne vært hanket inn med et komma, blir litt oppstykket når den er alene. Lenke til kommentar
aspic Skrevet 30. januar 2007 Forfatter Del Skrevet 30. januar 2007 Takkar for utruleg bra kritikk, ting skal fiksast på og pussast opp raskast mogeleg. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå