Gå til innhold

Generell diskusjon på nynorsk


Mr. Bojangles

Anbefalte innlegg

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor

Ser mange som ikkje likar nynorsk her, men eg tenkte eg kunne hive inn det beste argumentet mitt for nynorsk, det heiter "Den dag kjem aldri", og er skrive av Asmund Olavson Vinje:

 

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,

for om eg søver, eg um deg drøymer.

Om nott og dag er du like nær,

og best eg ser deg når myrkt det er.

 

Du leikar kringom meg der eg vankar.

Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.

Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,

som skuggen gjeng etter soli si.

 

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,

d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:

Eg sprett frå stolen og vil meg té,

men snart meg sig atter ende ned.

 

Når vinden lint uti lauvet ruslar,

eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!

Når sumt der burte eg ser seg snu,

eg kvekk og trur det må vera du.

 

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,

d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:

I song og fløyte- og felelåt,

men endå best i min eigen gråt.

 

Tenk, dette diktet hadde sikkert ikkje eksistert, og iallefall ikkje vore like fint, om det vart skrive på noko anna enn nynorsk..

9030220[/snapback]

 

Eg meinar å huske at Vinje skreiv dette diktet rett før han skulle døy. Det er dessutan eit nydeleg dikt.

(vennlegst korriger alle skrivefeila mine)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...
  • 7 måneder senere...
Eg er ikkje ein god nynorsk skrivar, men eg kunne tenkje meg og skrive her ein del no framover siden eg skal ha eksamen i nynorsk om nokon månader. Hadde vore supert om dykk kan rette på meg når eg har mykkje feil :)

 

siden - sidan

mykkje - mykje

 

Der du skreiv "dykk", skal det vere "de". Dette fordi det er subjektet i setninga.

Lenke til kommentar

«Eg er ikkje ein god nynorsk skrivar, men eg kunne tenkje meg og skrive her ein del no framover siden eg skal ha eksamen i nynorsk om nokon månader. Hadde vore supert om dykk kan rette på meg når eg har mykkje feil»

 

Det er òg ein orddelingsfeil der. «Nynorsk skrivar».

 

I det andre området i kursiv har du skrevet «og» i staden for «å».

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Eg har nynorsk som hovudmål, men det blir lite skriving på nynorsk i forum og andre stader på internett. Veit eigentleg ikkje kvifor.

Det virkar som det er mange her som absolutt ikkje likar nynorsk. Det kan eg ikkje forstå! :wow:

Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...

Jau, nynorsk er 1337 for det gir deg mogligheita til å skrive på ein måte som er veldig lik dialekten din, for dei fleste av oss. Eg liker likevel bokmål også, morosamt å ha to forskjellige måtar å skrive på som begge er godkjente. :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...