Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Sportsidiotar. Eit Kåseri


Anbefalte innlegg

Har nettopp skrive ferdig eit kåseri om sportsidiotar, og eg lurer då på om nokon har nokre personlege formeiningar om stilen, om det er noko som må forandrast på OSV.

All hjelp mottas med takk :)

 

Sportsidiotar

I alle former og fasongar

 

 

Sportsidiotar, slik eg ser det så blir dei fleire for kvar dag som går. Dei gjøymer og stikk seg fram kor det skal vere. Du legg vel kanskje ikkje merke til dei, men dei er over alt. På butikken, i skogen, eller aller helst parkert siræva i godstolen, medan dei heiar høglytt på yndlingsfotball-laget som er på skjermen, og ventar på at ein grandis i omnen skal bli ferdig. Det er nok heller ingen grunn til at det er akuratt det fotballaget dei heiar på. Dei berre gjer det liksom. Kanskje det er nettopp difor dei blir omtala som sportsidiotar?

Min eigen bestefar er nettopp ein slik, og eg har aldri skjønt meg på han. Om stakkars bestemor kjem gåande foran skjermen i eit uheldig agenblink, så gjer huset gjenlyd av gamlingens FLYTT DEG!

Det her er kva ein kan kalle den tradisjonelle sportsidioten, som aldri, under nokon omstendigheiter vil ofre ein kamp på skjermen der favorittlaget skal opptre. Som ein kjend sportsidiot ein gong sa: “Fotball er ikkje eit spørsmål om liv eller død, det er viktigare enn som så”

For kor ulidelig spennande er det vel ikkje med tjueto vaksne menneske som jager etter ei plastkule? Så spennande at ein bokstaveleg talt er villig til å gå over lik har det vertfall vist seg ved opptil fleire anledningar, som for eksempel den gongen ein svenske drap kona si fordi ho støvsugde foran TV-skjermen, under ein fotballkamp.

Men opp i all tumulten blandt lærkuler og plastikklefser, så må ein ikkje gløyme alle dei andre sportsidiotane. Dei kjem i alle fargar og fasongar, vi har til dømes, den på vestlandet, ikkje så ukjende “poengsamlaren” For å gje ei kort og vitskapeleg utgreiing av denne særnorske underarten av sportsidioten, kan det nevnast at poengsamlaren vanlegvis er i alderen førti pluss og har ei velutvikla pærefasong. Poengsamlaren held seg store delar av si levetid i fjellheimen, ikkje nødvendigvis for å nyte naturen, men for å skrive namnet sitt i ei loslitt gammal bok flest mogleg gonger i året.

Svært utbreidd i fotballens heimland, England og omegn er og såkalla “hooligans”. Sportsidiotar som førut ein kamp, lader seg opp på Guiness og Irsk rebell-musikk før dei dreg på fotballkamp. På kampen morer dei seg med å kaste fjorårets fyrverkeri og ølflasker frå oppladinga, på andre sportsidiotar. Ja fotball er sanneleg ein sport som innbyr til mange artige fritidsaktivitetar.

 

Ja, i det heile. Talet sportsidiotar er stadig aukande både i tal, og pussige utspring. Sjølv trener eg eindel i hallens gamle og loslitte styrkerom, og mange av dei pussigaste figurane, som eg vil velge å klassifisere som sportsidiotar, treff eg på der. Grunnen til at eg vil kalle desse for sportsidiotar, er nettopp fordi dei trener som idiotar. Må eg få nevne, blandt anna den syltynne fjortisen, som trur han skal bli stor og sterk med endelause sett bicepscurl, og proteinpulver som einaste næringsmiddel. Eller den velkjende “superbenkaren,” som trener benkpress dag ut og dag inn, uten tanke for at kyllingbrystet faktisk treng kvile ein gong i blandt.

Slik kan eg fortsettje i det uendelege, nye pussige figurar dukkar opp for kvart av mine jevnlige besøk på styrkerommet. Ein dag kan det dukke opp ein stupfull person som går på nasa inn i næraste betongvegg medan manualane han held i handa, går heilt andre plassar enn der dei burde gå, ein annan gong kan nokon oppsøkje styrkerommet kun og blott for å settje sauestiren på dei som faktisk er der for å trene.

 

Og når alt kjem til stykket; er ein først blitt ein sportsidiot, så er det for lengst for seint å snu, det veit eg, for eg er sjølv ein. Riktignok er eg ingen av dei nevnte eksempela. Men etter alle både standardiserte og uspesifiseerte normer, så er eg vel ein rimeleg stor sportsidiot når eg vier store delar av fritida mi til å løfte tunge metallgjenstandar og lassevis med stålskrot. Alt for å vere i stand til å kaste ein aluminiumspinne lengst mogleg inn på ei grasmatte.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei.

 

Før jeg begynte å lese, faktisk før jeg klikket på emnet, bare ved å lese emnetittelen tenkte jeg:

 

Hvis dette er en kar som vil ha hjelp til å skrive et kåseri om sport vi jeg gi ham et råd: Ikke bruk den gamle klisjeen med 22 voksne mannfolk som løper etter en ball. Og enda verre, ikke følge den opp med "Hvorfor kunne de ikke bare få hver sin".

 

Når jeg åpnet kåseriet ditt tok det ikke lang tid før jeg fant den første av disse setningene. I mine ører er denne frasen oppbrukt. Om du tenker deg om, fant du virkelig på denne selv eller har du hørt den et sted? Jeg har ihvertfall følelsen av å ha hørt den hver gang Per Inge Torkelsen har åpnet munnen.

 

Ellers synes jeg kåseriet var greit, fin flyt osv.

 

Når det gjelder ting jeg ville endret på eller er uenig i tror jeg jeg ville endret litt på kommaplasseringer og jeg synes ikke "poengsamlaren" går inn under begrepet sportsidiot. Men det er gjerne min personlige mening.

Lenke til kommentar
Hei.

 

Før jeg begynte å lese, faktisk før jeg klikket på emnet, bare ved å lese emnetittelen tenkte jeg:

 

Hvis dette er en kar som vil ha hjelp til å skrive et kåseri om sport vi jeg gi ham et råd: Ikke bruk den gamle klisjeen med 22 voksne mannfolk som løper etter en ball. Og enda verre, ikke følge den opp med "Hvorfor kunne de ikke bare få hver sin".

 

Når jeg åpnet kåseriet ditt tok det ikke lang tid før jeg fant den første av disse setningene. I mine ører er denne frasen oppbrukt. Om du tenker deg om, fant du virkelig på denne selv eller har du hørt den et sted? Jeg har ihvertfall følelsen av å ha hørt den hver gang Per Inge Torkelsen har åpnet munnen.

 

Ellers synes jeg kåseriet var greit, fin flyt osv.

 

Når det gjelder ting jeg ville endret på eller er uenig i tror jeg jeg ville endret litt på kommaplasseringer og jeg synes ikke "poengsamlaren" går inn under begrepet sportsidiot. Men det er gjerne min personlige mening.

7793973[/snapback]

 

Hehe, jaudå, den er kanskje oppbrukt, men det har alltid vert mi meining om fotball, også før eg høyrte torkelsen for første gong (jeje, dårleg erfaring med fotball frå mi side :roll: ) Men eg tek det til etteretning, så eg får sjå om eg heller får putta inn noko anna i staden.

 

Poengsamlaren er vel mest eit lokalt eksempel, som eg trur alle vil gjenkjenne og klassifisere som ein av kommunens største sportsidiotar, både på eine og andre viset :D

 

Takker elles for veldig godt svar, kjem til å gå grundig over kåseriet ein gong til før eg leverer inn no :)

Endret av Bonnskij
Lenke til kommentar

Det verste er ikke at folk trener. Nei - hvis det er én ting et seriøst menneske ikke proteseter mot, er det fysisk aktivitet.

 

Det verste er at folk kaster bort tid på dårlige fotballkamper på TV. Dessuten kjøper de VG på grunn av det glimrende sportsbilaget, og ender opp som verre idioter for hver dag som går. Sannsynligvis får VG dem også til å stemme Frp.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...