ttt Skrevet 9. januar 2007 Del Skrevet 9. januar 2007 (endret) Litt forsinka som følgje av studiestart lagar eg no ein tråd for tilbakemeldingar i forbindelse med kåringane vi hadde i spelkategoriane. Sjølv om det ikkje såg sånn ut, gjekk det med ein god del timar for å arrangere dei så eg sett stor pris på alle former for tilbakemeldingar. Eg vil kort kome inn på eit par tankar eg har rundt kåringane. *Vi bør kåre årets [plattform]-spel, og ikkje årets beste. Dvs, vi bør fjerne ordet "beste" frå tittelen. *DS og PSP kåringane fekk relativt lav oppsluttning. Bør desse bli slått i saman/fjerna? *Årets tråd fekk få nominerte og alle trådane er trådar som har vore aktuelle den siste tida. Kan det vere aktuelt med eit par del-nominasjoner i løpet av året for å få med det beste frå heile året? Eller kanskje denne kåringa kan droppast? (Personleg liker eg den då den oppfordrer til å lage gode trådar.) *I år burde WII og Gamecube truleg delt ein kåring då det var så få WII-spel, men dette vil truleg ordne seg til jul. Dei andre kåringane syns eg fungerte bra, men kom gjerne med innspel. Det var og tre forslag som kom inn som ikkje vart tatt i bruk (pga. at vi alt var så godt i gang med kåringane). Årets Flash-spel, årets verse spel og årets skuffelse. Dette er ting som vi kan vurdere til neste gong. Kom og gjerne med andre forslag. Hugs at det vi tek utgangspunkt i det brukarane ønskjer. Kåring av årets spelbrukar er ikkje eg så veldig begeistra for. Kort oppsumert av det eg har sagt tidlegare: Forumet tener på det store mangfoldet. Det blir dermed feil å kåre ein enkelt person som årets brukar. Men det er klart at enkelte er meir aktive og bidrar i større grad, og desse fortener litt ekstra merksemd. Eg sett derfor pris på forslag til betre måtar å gjere dette på. Orresnei har oppretta ein tråd for å kome med positive tilbakemeldingar til dei som fortener dette, noko som er eit bra initiativ. Det er og andre problem med ei kåring av årets brukar*. Personar som nominerer og stemmer på feil grunnlag øydelegg legimiteten til kåringa. Får ein person stemmer fordi han malte huset ditt i sommar, er dette totalt urelevant for kåring. Dette er respektlaust ovanfor brukaren du stemmer på, han/hun fortener stemmer for den innsatsen vedkommande legg ned på forumet. Andre som faktisk fortener ros, får ikkje dette. Og som sagt, heile poenget med kåringa forsvinn. Eg håper derfor vi kan finne ei betre ordning på dette. Når det gjeld å få meir oppmerksomheit rundt kåringane, og bringe dei meir fram i lyset er dette noko eg håper vi kan gjere betre neste gong. KayAU kom med eit forslag til ein artikkel på framsida. Etter dette sendte eg inn eit forslag til ein artikkel til Gamer.no, men dessverre ser det ut til at dei ikkje rakk å behandle dette i tide. Eg planleg uansett å høyre med Gamer.no om det kan vere aktuelt med ein artikkel eller to i forbindelse med neste nominasjon/kåring. Dette var bare ei kort oversikt over eit par tankar eg har rundt dette. Det er sikkert litt ustruktuert og lite gjennomtenkt, men eg trur eg har fått med noko fornuftig. Men poenget med tråden er å få tilbakemeldingar får dykk. Har du eit innspel er det bare å kome med det. Viss du ikkje til ta det i tråden, er det bare å sende meg ein PM. *Her tenkjer eg på generelt grunnlag. Endret 9. januar 2007 av ttt Lenke til kommentar
Bear^ Skrevet 9. januar 2007 Del Skrevet 9. januar 2007 *Vi bør kåre årets [plattform]-spel, og ikkje årets beste Ikke helt enig. Enkelte spill på markedet stikker seg mer ut enn andre, og det er vel bare naturlig at vi kårer det spillet som er best i løpet av året, på kryss av platform. I år f.eks var jo flere platformer representert. Enkelte spill stikker seg mere frem enn andre, så jeg synes det er reelt å kåre det beste spillet av året, uansett plattform *DS og PSP kåringane fekk relativt lav oppsluttning. Bør desse bli slått i saman/fjerna? Hvor reelt blir det for den ene eller den andre? Bare lurer, kan vel ende opp at PS folk på pur F skap stemmer på et random PSP spill bare for å stemme, ikke for at de har spillet spille. Eller vica versa. Er vel ikke det som er det mest nevneverdige problemet med en poll, men et reelt scenarie om man tenker på "krigene" som har forløpt seg på forumet i det siste. Kanskje best å holde dem adskilt, slik at avstemningen blir mest mulig nøyaktig. Synes kåringene på spillforumet har vært bra jeg. Har vært godt med nominerte på de fleste trådene, samt at de nominerte ble plukket ut av folket på forumet. Småplukk kan der vel være, men jeg ser ikke noe nevneverdig å ta opp akkurat nå. Lenke til kommentar
ttt Skrevet 9. januar 2007 Forfatter Del Skrevet 9. januar 2007 Eg meinte ikkje at vi bare skal ha kåringar rundt kvar enkelt plattform, og ikkje ei felles. Det eg meinte var at vi bør fjerne "beste" frå tittelen. Eg skal presisere dette i første innlegg. Faren for krangling og tull er ein grunn til at eg er i mot ei samanslåing av til dømes DS og PSP. Dette og det at det er så forskjellege spel, og dei som eig den eine plattformen ikkje nødvendigvis eig den andre. Grunnen til at eg nemner ei eventuell samanslåing er fordi det var relativt lav oppsluttning rundt desse avstemmingane. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå