knuto Skrevet 3. januar 2007 Del Skrevet 3. januar 2007 Eg sit her med ein fire år gammal Compaq Evo N1020N. Han har vore godt brukt, og nå har den leidningen som går frå eit kretskort i botnen, antageleg hovudkortet, og opp gjennom hengslene og inn i skjermen vorte dårleg. Han har dårleg kontakt, men med å ta litt på denne leidningen fungerer skjermen utmerka. Konklusjonen er at skjermen er godt brukbar berre ved å skifta denne leidningen. Dette må jo vera eit relativt normalt problem, ettersom det er noko som før eller seinare blir utslite på desse datamaskinane. Å senda dette maskineriet på ein reparasjon, vil det kosta mykje, eller er det så enkelt at dei gjer det på 5 minutt, og ikkje tek seg særleg betalt for det? Dekselet som ligg over leidningen har eg allereie skrudd av, så det skal gå utruleg lett å skifta, om dei ikkje må streva mykje for å skaffa seg ein ny leidning. Kunne eg evt. fått tak i denne leidningen sjølv? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå