Gå til innhold

Avstemming: Årets spilltråd


Kva meiner du var den beste tråden i spelkategorien i 2006?  

67 stemmer

  1. 1. Kva meiner du var den beste tråden i spelkategorien i 2006?

    • [url=http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=615920]Playstation 3 Informasjonstråd![/url]
      11
    • [url=http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=642698]Angry Nintendo Nerd tester elendige videospill![/url]
      47
    • [url=http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=670273]Årsaken til økende vold blant barn og ungdom[/url]
      9


Anbefalte innlegg

Røyken frå nyttårsrakettane har lagt seg og det er på tide å starte kåringa av «Årets spilltråd». I slutten av desember hadde vi ein nominasjonstråd der vi fekk inn fleire gode forslag. Takk til alle som bidro der. Det er ikkje så mykje meir å seie her, bortsett frå å ønskje alle lykke til med avstemminga.

 

Avstemminga vil vare til og med 06.01.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eit par tanker rundt dei nominerte trådane.

 

Playstation 3 Informasjonstråd!: Ein god og informativ tråd som mange har nytte av. Det er mange innlegg som linker til meir eller mindre nyttig informasjon. Du får og svar på mange spørsmål om emnet. Første innlegg er oversiktleg og inneheld ein god del informasjon.

 

Litt negative ting som gjer at tråden ikkje når heilt fram. Til tider var det dårleg med oppdateringar i første innlegg (dog må det vere grense for kor mykje vi kan forvente av trådstarter). Tråden blir og ein samletråd noko som gjer den litt uoversiktleg og vanskeleg å finne fram til aktuell informasjon. Ein del off topic prat trekker og ned.

 

Angry Nintendo Nerd tester elendige videospill!: Det er ingen tvil om at filmane det diskuterast her underhaldane, og på rein underhaldningsverdi scorer denne tråden høgt. Den bringer og fram mange gode og mindre gode minner frå tida då NES var høgdepunktet i kvardagen. Så eg vil absolutt anbefale folk å sjå innom tråden.

 

Men og her eg det ting som trekker ned. Det er først og fremst filmane det linkast til, og ikkje tråden, som er interessant. Tråden består av mange innlegg av typen "haha, artig". Så du blir ikkje mykje klokare av å lese tråden. Men nokre lengre og meir konstruktive innlegg er det, og nostalgifaktoren er høg. Like fullt når ikkje tråden opp når vi skal sjå på den beste tråden totalt sett.

 

Årsaken til økende vold blant barn og ungdom: Dette er tråden eg nominerte, og den forbli min favoritt blant kandidatane. Som eg sa i nominasjonen er emnet interessant og aktuelt. Innlegga held stort sett ein høg kvalitet og er velbegrunna. Det blir vist til fleire kjelder for dei som ønskjer å lese meir om emnet. Eg trur alle kan lære ein del av denne tråden.

 

Litt negativt kan og seiast om den. Til dømes er det ikkje alle innlegga som er like relevante for trådens emne, og den kan til tider gå litt off topic. Sidan den inneheld så mykje informasjon kan den bli litt kjedeleg å lese. Men totalt sett blir dette min favoritt og den fekk mi stemme.

Lenke til kommentar

Då var kåringa over for denne gong. Det var ikkje så mange kandidatar i denne kåringa, men dei som var her var gode. Det viser seg at James sine omtalar av ymse NES-spel fall best i smak hos brukarane på Diskusjon.no. Har du ikkje sett desse filmane oppfordres du til å gjere det.

 

Reslutatet

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
Angry Nintendo Nerd tester elendige videospill! [ 47 ] [71.21%]

Playstation 3 Informasjonstråd! [ 11 ] [16.67%]

Årsaken til økende vold blant barn og ungdom [ 8 ] [12.12%]

 

Eg vil benytta anledninga til å takke alle som har kome med nominasjonar og har vore med å stemt. Det vil truleg bli oppretta ein tråd for tilbakemeldingar der dykk kan kome med forslag til forbetringar. Eventuelt kan dette bli gitt over PM.

Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...