Gå til innhold

Beste scanning av negativar til CD?


Anbefalte innlegg

Eg har nylig fått fatt i det klassiske Olympus OM-1 i svært god stand. Fekk pruta det ned til 800 kroner hos Antonio Stasi (Lille Øvregate i Bergen). Det var det einaste fornuftige å gjera, sidan eg har opparbeidt meg ei heil lita samling originale OM-objektiv som eg har nytt med adapter til eit Olympus DSLR (for øvrig med stort hell, syns eg sjølv).

 

For å overtyda kona om klokskapen i kjøpa dette filmbaserte kameraet, kravde ho berre ein ting: ingen papirkopiar. I eit lite buvære som vårt (45kvm) er plassen vårt dyraste luksus, og alle bileta våre er og skal vera på harddisk. Så når eg no skal framkalla ein film, er det meininga at eg kun lagrar negativene (dei tek ikkje stor plass), og får dei scanna, slik at dei kan brukast, lagrast og sjåast digitalt.

 

Det store spørsmålet vert difor kva som er beste måten å gjera dette på. Fyrst skal altså sjølve (farge-) filmen framkallast til negativremser, før desse må scannast over på CD (evt. nettbasert). Fins det nokon stad ein slepp det (for meg) unødvendige mellomleddet som papirkopiar utgjer? Eller må eg bruka to ulike tenester; fyrst få framkalla filmen, og så senda negativane til feks. eurofoto? Det er elles viktg at dette siste leddet, scanninga, har god nok kvalitet. Filstorleiken per scanna bilete bør ikkje vera under 4 MB. Kor kan eg få dette gjort på best måte, anten i Bergen, eller via post? Og kva vil det kosta?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...