Gå til innhold

[Løst] Sette sammen project og så brenne en dvd?

Anbefalte innlegg

Hei

Har redigert en del filmer med premiere pro, og nå vil jeg ha alle filmene inn på en dvd. Hvordan gjør jeg dette når eg har lagra dei i mange project ??

Må jeg sette alle filmane inn i ett project?? :hmm: Dette vil vell ta lang tid da det må rendrest på nytt.

Forslag?

Formulerte jeg meg bra nok? viss ikke så skal jeg prøve på nytt :blush:

Mvh

Avalaker

Endret av avalaker
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det er berre å importere prosjektfilene inn i eitt og same prosjekt. Dei vil då kome opp som mapper med alle filene og tidslinjene du hadde i prosjekta, ei mappe for kvart prosjekt. So er det berre å dra alle tidslinjene frå prosjekta (dei heiter Secuence x der x er eit tal, om du ikkje har gitt dei nytt namn) ned på den same tidslinja, i den rekkjefølgja du vil ha dei.

Forresten, var det planen frå byrjinga av å ha alle filmane på same DVD? I so fall hadde det kanskje vore like greit å laga alle i det same prosjektet, og berre hatt ulike tidslinjer/sekvensar for kvar film.

Redigert: Ein liten ting til: Dette forumet er for bilderedigering, ikkje videoredigering. Eg har rapportert tråden, so den vert nok flytta snart. Sjå der ja, det gjekk raskt.

Endret av incanus

7525169[/snapback]

Takker for raskt svar!! skulle kansje svart litt raskere jeg å.. hehe

Over til saken, planen var å lage en dvd ja, men jeg fant ut at det var best å lage filmene i ulike project. For å unngå rot, men det var vist ikke så smart.

Problemet nå er at alt bli lagt på samme tidslinja. Viss jeg feks har lagt til musikk under filmen, så bli denne nå lagt bak filmen.

:no:

(Skal poste rett plass neste gang, takk til den som flyttet innlegget ) :thumbup:

Lenke til kommentar

Jepp, det er fordi når ein dreg ei tidslinje (sequence) ned i ei anna tidslinje, so fungerer det der som eit vanleg videoklipp, Kan vere greit i mange samanhengar, til dømes om ein vil leggje til den same effekten på mange klipp.

For å gjere det du vil må du kopiere alle klippa frå ei tidslinje til ei anna. Du opner tidslinja ved å dobbeltklikke på den i Project-vindauget, og den vil kome fram som ei fane i tidslinjevindauget. Merk alle klippa i den eine tidslinja (Ctrl + A trur eg fungerer), kopier (Ctrl + C), gå over til den andre tidslinja, flytt tidsmarkøren til der du vil at det du limer inn skal byrje, og lim inn (Ctrl + V).

For min eigen del ville eg ha redigert ferdig kvar del i sin eigen tidslinje, og so samla alle på ei ny tidslinje – litt meir ryddig i mine auge – men du får sjølv gjere det du liker best.

Redigert: Og forresten, om du gjer ein endring i ei tidslinje, som å leggje til ein effekt på eit klipp eller bytte plass på to klipp, vil dette verte oppdatert automatisk om den tidslinja ligg i ei anna tidslinje.

7529616[/snapback]

Hva mener du med tidslinje? Er Video1 ei tidslinje video2 ei tidslinje osv? eller er heile projecet ei tidslinje? Tror jeg misforstår litt det med tidslinje :blush:

Og hvor ser jeg tidslinjevindauget?

-----------------------------

Glem det, jeg fikk det til!

Takk incanus!

Endret av avalaker
Lenke til kommentar
Glem det, jeg fikk det til!

Flotte greier. Eg berre lar forklaringa mi stå likevel.

Video/Audio 1, Video/Audio 2 osb. er videospor og lydspor innad i ei tidslinje. Heile prosjektet (slik eg tenkjer på prosjekt iallfall) er ikkje ei tidslinje, då ein kan ha fleire tidslinjer i det same prosjektet.

La med eit bilete. Har ikkje PPro sjølv for tida, so eg måtte låne av bilete eg fann på Google, noko som er grunnen til den litt dårlege kvaliteten.

Om du har PPro 2.0 so var «tidslinjevindauget» eit litt dårleg ord, då alt det som i tidlegare versjonar var separate vindauge heng saman i 2.0. Bruker frå no av område i staden for vindauge. Uansett, eg meiner det området der du har tidslinja di, på biletet (henta frå PPro 1.x) vist ved den store raude ramma. Øvst i dette området ser du at det er fleire faner. Kvar fane er ei eige tidslinje. I Project-vindauget/området oppe til venstre på biletet har eg merka av den typen ikon ei tidslinje vil ha der, og lagt med eit utklipp av eit anna bilete i litt høgare oppløysning, for å vise nærare korleis ikonet ser ut.

post-21406-1166463787_thumb.png

Kan prøve å forklare konseptet med eit døme:

Når du oppretter eit heilt nytt prosjekt, anten ved oppstarten av programmet, eller ved å velge New Project frå filmenyen, vil det einaste som ligg i Project-området vere noko som heiter Sequence 1, og ha det ikonet som du ser på biletet eg la med. Ein «sequence» er det same som ei tidslinje.

Vel File --> New --> Sequence (trykk OK om det kjem opp eit vindauge med nokre val) og du vil sjå at det er kome eit nytt element i Project-området som heiter Sequence 2, og ei ny fane i tidslinjeområdet. På den eine fana står det Sequence 1, på den andre Sequence 2, du kan skifte mellom dei ved å trykke på dei. Legg so eit videoklipp på tidslinja som heiter Sequence 1.

So skifter du over til Sequence 2, ved å trykke på den fanen. Dra so Sequence 1 frå Project-området ned til tidslinjeområdet, på same måte som du ville dratt ned eit videoklipp, ei lydfil eller eit bilete. Om du no speler av Sequence 2, vil du sjå det same som om du går til Sequence 1 og speler av det.

Om du so går til Sequence 1, og legg til ein tekst over videoen, vil denne teksten òg verte synleg i Sequence 2. Grunnen er at det som ligg i Sequence 2 er Sequence 1, so endringar ein gjer i Sequence 1 vil verte spegla i Sequence 2.

Uff, eg må finne ein betre måte å forklare slikt på, dette er jo berre rot. Kanskje videoen du finn her viser det på ein betre måte.

Tilbake til din situasjon. Når du importerer ei prosjektfil (File --> Import) vil den kome opp som ei mappe. Inne i den mappa vil det ligge ein slik Sequence. Dobbeltklikk på den, og det opner seg ei fane nede i tidslinjeområdet, der du har alle klippa slik som i det originale prosjektet.

Vart det noko klarare av dette i det heile?

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...