Gå til innhold

hvit kant rund bilder i photoshop!


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Vil du ha ei enkel firkanta ramme er det to enkle måtar å gjere det på. Anten velge Edit --> Stroke, og i vindauget som kjem opp velge Inside, skrive inn ein verdi for breidda på ramma og trykke OK. Eller velge Image --> Canvas size, hake av for Relative, velge pixler i staden for cm, skrive inn ein verdi for breidda til ramma, trykke OK, og til slutt bruke Paint Bucket til å fylle området utanfor biletet med ynskja farge.

 

Vil du ha meir som på biletet du viste, krev det litt meir jobb. Kan prøve å forklare ein av dei mange måtane:

  1. Lag eit nytt layer ved å trykke på denne knappen i Layer-paletten: post-21406-1166283653_thumb.png
  2. Fyll det nye layeret med den fargen du vil ramma skal vere.
  3. Legg til ei maske på det layeret ved å trykke på denne knappen: post-21406-1166283663_thumb.png
  4. Trykk Ctrl + A, og gå so til Select --> Modify --> Contract. Skriv inn ein verdi som er litt større enn breidda du vil ramma skal ha. Trykk OK.
  5. Gå til Select --> Feather, og skriv inn ein verdi som er mindre enn verdien frå det førre punktet (halvparten eller mindre). Trykk OK.
  6. Gå til Filters --> Noise --> Add noise. Bruk maks verdi, og trykk OK.
  7. Trykk Delete.

Dave Cross har forresten vist ulike teknikkar for å lage rammer i Photoshop TV, om du har nokon av dei liggjande.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...