Gå til innhold

Hvordan legge til bilde i userbar?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Fjerner bakgrunnen med viskelæret er den mest openbare løysinga. Eller du kan leggje til ei maske og maskere bakgrunnen bort. Eller – om det er relativt stor kontrast mellom bakgrunn og person – bruke markeringsverktøy som magic wand til å merke bakgrunnen og slette/lage maske frå merkinga.

 

Redigert: Eller du kan finne ferdige slike figurar. Søk etter cutouts eller renders.

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Veit ikkje heilt kva som er raskast eigentleg, men eg kan no forklare litt nærare (sett bort frå viskelæret (Eraser), då det ikkje er noko å forklare).

 

For å leggje til ei maske til eit layer, anten gå til Layer --> Add layer mask --> Reveal all. Det vil då kome fram ein kvit firkant ved sida miniatyrbiletet til layeret i layerpaletten (det vetle vindauget der alle laga er lista opp). Det er dette som er maska. Mal med svart på maska (med pensel/brush eller blyant/pencil) for å skjule deler av layeret. Om du skjuler noko du ikkje skulle skjult, mal med kvitt over den same staden, og det kjem fram att.

 

Nærare forklaring på korleis masker fungerer (kopiert frå annan tråd):

Og for å bestemme akkurat kva ein skal maskere, teikner ein med gråtonar (hovudsakleg svart eller kvitt) på maska. Ei heilt kvit maske vil vise heile biletet, ei heilt svart maske vil skjule heile biletet, og ei maske som er 50% grå vil gjere det same som om ein set opacity til 50%. Med andre ord, for å skjule noko teikner ein med svart over det, men på maska.

 

Om bakgrunnen i stor grad er einsfarga, kan magic wand gjere det litt enklare. Merk heile bakgrunnen. Ved å halde inne Shift (eller kanskje Ctrl, eg hugser ikkje heilt) kan du merke fleire område, om ikkje alt vert valgt med eitt klikk. For å berre slette bakgrunnen trykk delete. Kantane kan pussast på med viskelæret. Du kan lage ei maske frå merkinga ved å velge Layer --> Add layer mask --> Hide selection.

 

Gløymde forresten at det er ein knapp nederst i layerpaletten for å leggje til masker. Det er den som er ein firkant med ein sirkel inni. Kombinert med shift, ctrl eller alt vil ein kunne velge mellom å skjule alt/merkinga, vise alt/merkinga, men akkurat kva knapp det er hugser eg ikkje.

 

Ein annan måte eg ikkje nemnte er å bruke Filter --> Extract. Det vert forklart her:

http://www.macmerc.com/articles/Graphics_Tips/344

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...