Gå til innhold

Hvordan få © på bilder


Autofil

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Du kan gjere dette t.d. med Irfanview slik eg har skildra her, eller FastStone Image Viewer -- dei er heilt gratis begge to. Forklaring for FastStone følgjer:

 

Start programmet, og gå til Tools ---> Batch Convert/Rename. Finn alle bileta du vil ha med, og trykk Add/Add all, so dei kjem opp i lista til venstre. Viss alle bileta ligg i same mappe, gå til den øvste mappa, og trykk Add all. Alle bilete i alle undermapper vert med.

 

Nede til høgre har du ein del val. Hak av for «Use folder structure in output folder» for å bevare mappestrukturen. Det neste er å velge Output format. JPG er det naturlege valet. Trykk på Settings for å velge kompresjonsnivå. Vil du gje dei nye namn, hak av for Rename.

 

Teksten legg du til ved å hake av for «Use advanced options» og so gå inn på dei (trykke på knappen like ved sida av). I vindauget som kjem opp er det mange val, som å resize, rotere, crope, legge til vannmerke, og tekst. Gå til den fanen og hak av for Use text. Du kan hente tid/dato frå EXIF ved å trykke på «Insert variable» og velge frå menyen. © hentar du frå karakterpaletten, eller kva den heiter på norsk. Trykk windowstast + R, skriv inn charmap og trykk enter. Andre val der er plassering, gjennomsiktigheit og skrifttype/storleik.

 

Trykk OK, velg output folder (om du ikkje har gjort det allereie) og trykk Start.

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...