krepsos Skrevet 20. november 2006 Del Skrevet 20. november 2006 Har eit Dfi LanParty nF4 ultra hovudkort der siste lampen som gjeld oppstart lyser raudt når eg skrur masina på. Samstundes blinkar skjermen mellom "digital/analog" og er svart. Denne lampen gjeld vga-kort, så det er sjølvsagt skjermkortet det gjeld. Maskina har stundom skrudd seg av brått, helst når eg speler spel, og nivida har så sagt at skjermkortet har fått for lite straum når windows startar opp att. Men då har eg alltid berre halde fram med same aktiviteten, utan at det har svikta igjen (nokre få gonger etter minst 30-45 min, men sjeldan). Dette har i det heile vore eit så lite problem at eg ikkje har teke meg bryet med å finna årsaka til det. Straumforsyninga er Mist 500w (https://prisguiden.no/product.php?productId=29169), så dette bør vel ikkje vera problemet. Samstundes løsna eine bracket'en der skjermkort o.l kan koma ut bak, og kom borti skjermkortet. Så alt tyder altså på at skjermkortet er finito. Ville nett få ei stadfesting på at dette må vere grunnen før eg byrjar å grave i lommeboka...det er jo vanskeleg å testa ut om det er her feilen ligg utan å kjøpa nytt div. nytt utstyr eller levera maskina inn for analyse, og då blir det jo dyrt. Har bygd maskina sjølv, så ingen garanti. Altså; nytt skjermkort? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå