Gjest Yoshi Skrevet 19. november 2006 Del Skrevet 19. november 2006 Hei, har nå sittet og jobbet en del med et essay om Coca-Cola. Noen som har noen kommentarer, tips, pirking på grammatiske feil eller noe annet? Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor Kva med eit godt liv og null Coca-Cola? Cola er noko av det mest usunne ein kan helle i seg. Likevel bøtter nordmenn og andre jordboarar nedpå fleire millionar liter av denne og andre liknande drikkevarar årleg, men det går mest i den originale Coca-Cola. Alle kjenner jo den gode, gamle smaken! Og kven kan komme skikkeleg i julestemning utan alles favorittdrikk? Utan Coca-Cola hadde verda vore ein svært annleis plass. Ingen brus sel betre enn Coca-Cola og ingen drikk står for ein større del av sukkerinntaket til vårt kjære gjennomsnittsmenneske – sukker vi gjerne skulle levd utan. Men no har genia i The Coca-Cola Company miksa saman ein ny og revolusjonerande leskedrikk som vil gjere alt mykje betre; Coca-Cola Zero. Den smakar like godt som originalen – og originalen er god – men inneheld ikkje noko sukker. Flott! I staden for å helle i oss for mykje sukker, som aukar faren for å utvikle ei lang liste forskjellege krefttypar, kan vi no helle i oss kunstige smaksstoffar som i seg sjølv framkallar ukjende kreftsortar vi ikkje har behandling mot. Glimrande, ingen trenger vel å vere usekkar på om det ein drikk gir deg kreft eller ikkje. I tillegg til å vere skikkeleg sunt, er Coca-Cola også veldig billig! For prisen av ein liter cola kan du få t.d. to liter mjølk, nesten to liter bensin, 2000 liter vatn frå springen eller ti liter norsk råolje. Men tru ikkje at The Coca-Cola Company berre bryr seg om pengar og sukker, dei er også veldig opptekne av miljøet. Dei har ikkje berre oppskrifta på verdas beste brus, dei har også oppskrifta på korleis ein utnyttar og øydeleggjar miljøet, tener grovt med pengar på det og slepp unna med det utan så mykje som ein bot. Og den oppskrifta er skremmande nok ikkje hemmeleg. Først vel du deg ein fattig liten landsby eller stad i India, kor det berre bur fattige bønder ikkje så veldig mange menneske bryr seg om, og kor det er ein fin og god elv med masse vatn du kan bruke til å lage brus. Ved denne elva byggjer du ein stor brusfabrikk, sjølvsagt lenger oppe i dalen enn befolkninga, og nyttar deg av vatnet dei fattige menneska er avhengige av. Det litle vatnet som framleis kjem igjennom, er langt ifrå reint, så dei fattige bøndene må gå mange kilometer kvar einaste dag for å få reint vatn, noko dei ikkje alltid har høve til, så då drikk dei berre det dei får. Er det ikkje folkeskikk det kallast? For å betale for at du lånte vatnet deira, gjer du dei noko gjødning som gjer at dei kan dyrke like mykje mat som før. Denne gjødningen er ikkje særleg bra, og du har i tillegg blanda i noko av fabrikkavfallet ditt, som metall og andre ting som ikkje kan brukast som gjødning. Dette valdar kroniske sjukdommar hos dei som et maten over lengre tid. I di eiga uttaling om saken, fortel du at det ikkje er sånn, utan å gjere nokon stor sak ut av det. Samtidig legg du fram grøne tal for året og planar om å lansere ein ny drikk. Ja, så få som 10000 menneske har blitt rørt av Coca-Colas marknadsimperialistiske makthunger, men sei ikkje at det ikkje er godt for noko! Så lite som 2% av verdas befolkning har aldri høyrt om Coca-Cola, mens heile 33% har aldri brukt ein telefon. Ja, eg må seie at Coca-Cola viser fram verda frå sin beste side. Om eg gjerne vil støtte denne utviklinga, då har Coca-Cola mange tilbod til både privatpersonar og bedrifter og institusjonar. Bedrifter kan setje opp Coca-Cola-automatar i hallane og andre områder, mens privatpersonar kan fortsette med å kjøpe masse av desse drikkevarane: Coca-Cola®, Coca-Cola Ligth®, Coca-Cola Zero®, Fanta®, Fanta Free®, Fanta Exothic Thrill®, Burn®, Sprite®, Sprite Zero®, Tab X-Tra®, Urge®, Seagrams®, Bonaqua®, Bonaqua Silver®, Nestea®, Nestea White Peach®, Powerade®, Minute Maid®, Kuli Eple®, Kuli Appelsin®, Simba Julebrus® og Simba Julebrus Light®. I tillegg eiger The Coca-Cola Company masse aksjar i Ringnes. For å auke salet av desse varane, var The Coca-Cola Company tidleg ute med å skaffe seg promotorar, og mange kjende fjes reklamerar for drikkane deira, blant andre Julenissen. Nordmenn er i toppen av mange lister, t.d. listene over dei rikaste, dei som forureinar mest, dei dummaste, dei som et mest sjokolade, dei som sender mest pengar til u-land per innbyggjar og dei som drikk mest Coca-Cola-produkter. Faktisk drikk nordmenn Coca-Cola-produkter for over 2,2 milliardar kronar i året. Eg er jammen stolt av å vere fødd med ski på beina og Coca-Cola i handa. La meg oppsummere til slutt… Nordmenn bruker 2,2 milliardar kronar årlig på å: - Få gule tenner med hull i - Få feite ungar med kreft - Utvikle diabetes - Stele levebrød og reint vatn frå 10000 fattige indarar og øydeleggje framtida til barne deira, barnebarna deira og så vidare - Gje verdsutviklinga eit kraftig spark i skinnleggen (eller ”riktig retning”, som enkelte hevdar) Så ”How about a great life and zero downsides?”, kva med eit godt liv og null Coca-Cola? Lenke til kommentar
havfal Skrevet 19. november 2006 Del Skrevet 19. november 2006 Setning nr.2 i første avsnitt er ikke god. Lenke til kommentar
Gjest Yoshi Skrevet 19. november 2006 Del Skrevet 19. november 2006 Likevel bøtter nordmenn og andre jordboarar nedpå fleire millionar liter av denne og andre liknande drikkevarar årleg, men det går mest i den originale Coca-Cola. Den? Hva med: Likevel bøtter nordmenn og andre jordboarar ned fleire millionar liter av denne og liknande drikkevarar årleg, men det går mest i Coca-Cola. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå