Anterialis Skrevet 10. november 2006 Del Skrevet 10. november 2006 Har prøvd å lese litt på nettet og gjort noen tutorials, men har enda ikke helt forståt hva dette er. Er det noen der ute som kan forklare meg hva dette er for noe, og hva jeg bruker det til / når jeg bruker det? På forhånd takk =) Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 10. november 2006 Del Skrevet 10. november 2006 Som alltid, ein fordel å nemne at det er Photoshop du snakker om... Masker generelt er ein måte å bestemme kva deler av eit bilete eller layer som skal vere synleg, og i kva grad det skal vere synleg. Det fungerer ved å leggje til ein sokalla alfakanal til layeret/biletet. Alfakanalen er eit bilete i kun gråtoner, der 100% kvitt tyder at biletet er heilt synleg, 50% grått tyder at biletet er halvvegs gjennomsiktig (som 50% opacity) og 100% svart tyder at biletet er heilt usynleg. Ei layer mask er akkurat dette. Ei maske som ein kan leggje til eit layer eller layergruppe. Vel Layer --> Add Layer mask --> Reveal all, og du vil sjå at du får eit nytt miniatyrbilete for layeret i layer-paletten. Dette er heilt kvitt, og står ved sidan av miniatyrbiletet som viser innhaldet i layeret. Du vil kunne sjå at det er ei tynn ramme rundt det eine miniatyrbiletet. Denne viser om det er sjølve layeret eller maska som vert påverka av endringar ein gjer. Sjekk at det er maska som er aktivert. Vel so penselen/blyanten (brush tool/pencil tool), set svart som framgrunnsfarge, og prøv å teikn litt på biletet. Du vil sjå at dei områda du teikner over forsvinn. Endre so framgrunnsfargen til ein eller annan gråtone, og teikn litt meir. Du vil sjå at til mørkare gråtone, til meir forsvinn biletet. Fordelen med dette er at biletet ikkje forsvinn heilt, slik det gjer om ein bruker viskelæret (eraser). Har ein skjult noko ein ikkje skulle fjerne, er det berre å endre framgrunnsfargen til kvitt, og male over på ny. Det er ikkje berre pensel/blyant som kan brukast her. Du kan bruke gradient-verktøyet (ligg under malebøtta, paint bucket) for å gje bilete ein «mjuk» kant, som går frå heilt gjennomsiktig til heilt synleg. Prøv: Vel ein gradient som går frå kvit til svart. Start og dra ca. midt på biletet, og dra ut til ein av kantane. Ei vektormaske har eg aldri brukt, men eg reknar med det er akkurat det same, berre at den er i vektor i staden for bitmap. Sjå sticky i dette forumet for skilnaden, om du ikkje veit det. Lenke til kommentar
Anterialis Skrevet 10. november 2006 Forfatter Del Skrevet 10. november 2006 Ja var PS jeg siktet til. Ble så oppslukt av problemet at jeg ikke tenkte lenger enn nødvendig Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå