Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Treig pc - hardware interrupts


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Har hatt problemer med pc-en sidan i sommar. Då installerte eg med ein feiltakelse nokre USB-drivarar til eit kamera som eg ikkje hadde... (kameraet mitt skulle ha firewire-drivarar...). Etter denne installasjonen fekk eg store problemer med hardware interrupts (Process Explorer viser interrupts konstant mellom 60 og 80 %). Bruk av CPU ligg rundt 30-50 % når eg har Firefox og Thunderbird open. Bruk av vekslefil er 1,22 GB.

 

Eg har prøvt å formatera C: og installera Windows XP på nytt, men har fortsatt same problemet (har ikkje formatert partisjonane D: og E:).

 

Maskina er ein Tundra 1557 bærbar pc, med 1.7 ghz centrino. 1 GB ram, 80 GB hdd, radeon 9700.

 

Programvare:

Windows XP

NOD32 Antivirus

Spybot

 

Er det nokon som har forslag til kva eg kan gjera? Finst det program som eg kan bruka for å finna feil ved maskinvara eller drivarane mine?

 

På førehand takk for all hjelp. Dette går meg på nervene, då maskina er heilt ubrukeleg :cry:

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har lese litt rundt på nettet og sett at IDE-kanalane skal stå på DMA, og ikkje PIO. Dette kan kanskje vera problemet mitt...

 

Når eg går inn på primær IDE-kanal står "overføringsmodus: DMA hvis tilgjengelig", men "gjeldende overføringsmodus: PIO-modus".

 

Dette må jo bety at DMA ikkje er tilgjengeleg. Korleis kan eg få ordna dette? Er det noko gale med disken? Kan det ordnast?

Endret av Gullars
Lenke til kommentar

Sjekk hvilken innstilling som gjelder for IDE kanalene i BIOS, du kan normalt velge der hvilken DMA/PIO modus enhetene skal kjøre på.

 

1,22 GB med brukt vekslefil er skyhøyt, spesielt med tanke på at du har 1 GB med fysisk minne på maskinen. Hvilke(n) prosess(er) er det som bruker så mye minne?

Lenke til kommentar

Det ser endeleg ut til at problemet er løyst :D

 

Eg avinstallerte dei to øvste IDE-kontrollarane (Intel 8280.... og Primær IDE-kanal) og restarta maskina. Då blei desse installert på nytt, og primær IDE-kanal køyrer nå i DMA-modus.

 

Det store spørsmålet nå er jo då om det er harddisken eller brennaren som køyrer på denne kanalen (kor ser eg det?), for det er vel litt urovekkande viss harddisken har slått seg over på PIO, eller?

 

-Interrupts er nå n/a eller under 1 %.

-CPU-bruk mellom 5 og 30 %

-Bruk av vekslefil: 375 MB (Thunderbird og Firefox på topp med ca 45 000 kvar)

Endret av Gullars
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Jepp! Dette var løsningen for meg også! :thumbup:

Har slitt med treig PC i flere måneder.

Tusen takk! :D

 

Det ser endeleg ut til at problemet er løyst :D

 

Eg avinstallerte dei to øvste IDE-kontrollarane (Intel 8280.... og Primær IDE-kanal) og restarta maskina. Då blei desse installert på nytt, og primær IDE-kanal køyrer nå i DMA-modus.

 

Det store spørsmålet nå er jo då om det er harddisken eller brennaren som køyrer på denne kanalen (kor ser eg det?), for det er vel litt urovekkande viss harddisken har slått seg over på PIO, eller?

 

-Interrupts er nå n/a eller under 1 %.

-CPU-bruk mellom 5 og 30 %

-Bruk av vekslefil: 375 MB (Thunderbird og Firefox på topp med ca 45 000 kvar)

7241099[/snapback]

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...