veitch Skrevet 16. oktober 2006 Del Skrevet 16. oktober 2006 (endret) Hei skal skirve eit foredrag om knut knutsen og Henrik Wergeland kva bør eg få med? (språket?) Endret 16. oktober 2006 av veitch Lenke til kommentar
the_zombie Skrevet 16. oktober 2006 Del Skrevet 16. oktober 2006 Er det Knud Knudsen du skal skrive om? Lenke til kommentar
Haddock Skrevet 16. oktober 2006 Del Skrevet 16. oktober 2006 Fikk en oppg. om norsk språkhistorie for ei ukes tid siden, står litt generelt om Knudsen og Wergeland og hva de stod for der ++ Kan jo plukke litt fra den, men en god del skrivefeil i nynorsken der da, skrev den på en times tid.. Norsk språkhistorie, 1800 – 1885 I 1814 då Noreg fikk sin eiga grunnlov, var norsk skriftspråk sterkt prega av Dansk etter den lange unionsperioden, også talespråket i bykulturen eller ”finkulturen” hadde blitt påverka av dansken, og vert kalla ”den danna daglegtale”. Dette talespråket var så godt som Dansk, men hadde innslag av norsk uttale og nokon norske ord. I bondekulturen var det dialektane som dominerte, men her var det svert få som kunne kunsten å lese eller skrive i motsetning til overklassen i byane. Betre blei det heller ikkje av at så godt som all litteratur som blei utgitt på den tida var skreve på dansk. Nokon forfattarar, språkforskarar og politikarar rundt om i landet såg på dette som ei brems for den vaksande nasjonalkjensla som var i full gang etter unionsoppløysinga, og ville ha eit eiget norsk skriftspråk og talemål, andre ønsket å halde fast på dansken slik at me ikkje distanserte det vesle landet vårt frå resten av Skandinavia. Med dette var den store språkdebatten i Noreg i gang for fullt. Innan denne språkdebatten fantes det grovt sett to hovudlinjer, den revolusjonære linja og den reformatoriske linja. P.A. Munch var den som stod i spissen for den revolusjonære linja. Han var historikar og viste stor interesse i språkdebatten. Han ville ha eit nytt heilnorsk språk og tok derfor utgangspunkt i gamalnorsk, som han kalla ”vort Oldsprog”, deretter skulle den dialekten som stod nærast gamalnorsken vere utgangspunktet for danninga av eit nytt norsk skriftspråk. Men Munchs forslag blei ganske raskt avfeia fordi han ville jobbe ut frå ein konkret dialekt, Sæterdalsk. På den reformatoriske linja var språkforskaren Henrik Wergeland og hans politiske parti, ”Patriotane” forkjemparane. Han ville fornorske det danske språket ved og gradvis tilføre særnorske ord, uttrykk og syntaks. På denne måten ville dei ende opp med eit nytt norsk språk innan neste århundre, som folk kunne kjenne seg igjen i å forstå. Mange støtta Wergeland i hans arbeid, men hans motstandar Johan Sebastian Welhaven frå ”intelligenspartiet” likte ikkje Wergelands tanke om å bryte ned dansken, han meinte dette ville bli å vulgarisere språket, og ville mykje heller halde fast på det danske skriftspråket, han meinte at Noreg ikkje hadde ein sterk nok kultur til å danne sitt eige skriftspråk. ”Det nasjonale gjennombrot” i 1840 førte til ein språkleg fornying på mange måtar. Asbjørnsen og Moes gav eit grunnlag for ny, norsk prosa. Skrivemåten følgde eit dansk mønster, men med innslag av norske ord og bøyingar som hadde blitt plukka opp frå dialektane. Samtidleg jobba ein overlærer ved namn Knud Knudsen med å fornorske alle delar av skriftspråket, både ordforråd, rettskriving, orddanning, bøying og uttaling. Man kan seie at Knudsen tok opp arbeidet til Wergeland om og gradvis fornorske dansken, men Knudsen ville leggje meir vekt på ”Den danna daglegtale” når han utforma det nye språket. Han gjekk også inn for å bytte ut ei rekke framandord med ”ekte” norske ord, og var ein forkjempar for ”Det ortofone prinsippet”, som tyder at ordet bør skrivast som det uttalast. Mange av Knudsens idear og forslag blei etter kvart gjennomført, og språket blei kalla ”riksmål”, som vi i dag kallar bokmål. På same tid jobba Ivar Aasen, seinare kjend som ”nynorskens far”, med den same problematikken. Han reiste rundt i landet og samla informasjon om ale dialektane som fantes i landet, han merka seg grammatiske reglar i dialekten og korleis ord blei uttalt. Han ville også ha restar av gamalnorsken inn i det nye språket. På ein måte jobba Aasen vidare på P.A. Munchs ide, men han tok ikkje utgangspunkt i berre ein dialekt. Aasens innsamlingsarbeid resulterte omsider til tre bøker om det norske språk : ”Ordbog over det norske Folkesprog” (1850) ”Det norske Folkesprogs Grammatikk” (1848), og ”Prøver af Landsmaalet i Norge” (1853). Innan grammatikken avskaffa han blant anna stum e, og dobbelt vokalar. Han bytta også ut dei danske myke konsonantane med harde. Desse omgjøringane blei godkjend og tatt i bruk allereie i 1862. Både Aasen og Knudsen hadde gjort det godt i språkdebatten, og hadde komet med gode løysningar på språkproblemet i Noreg, og då Venstre som stod for å innføre landsmål i Noreg vant ein avgjørande politisk seier i 1884 mot Høgre som ønska å halde fast på dansken, blei det avgjort at begge språka skulle godkjennast som norske språk, og at begge skulle vere likestilt, noe som blei vedtatt i ”Jamstellingsvedtakten” i 1885. Ta og søk på Norsk språkhistorie på daria så finner du en god del mer Lenke til kommentar
veitch Skrevet 17. oktober 2006 Forfatter Del Skrevet 17. oktober 2006 Jepp Tusen takk for hjelpen Skal nåk gå bra det du Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå