Gå til innhold

[Løyst] Får erstatta straumforsyning - likeverdig?


Anbefalte innlegg

Ok, kanskje nokon som hugsar at eg hadde ein tråd om ny straumforsyning her, der eg gjekk for MIST 500W.

 

Etter masse venting og diskusjon har databutikken.com der eg kjøpte kabinett med straumforsyning som no er defekt endeleg skjønt at dei må erstatte eller reparere straumforsyninga mi, etter norske lovar. Dei prøvde først å sende meg Turbolink 400Watt, men den leverar jo 100 watt mindre enn den eg hadde, og er då ikkje eit likeverdig produkt, som eg har krav på. Konfronterte dei, og dei ombestemte seg, og sender no ATRIX Powersupply 500W PreModded.

 

Den eg hadde før var Aspire Aluminium 500W. Spesifikasjonar for Aspire Aluminium 500W

 

Så spør eg dei som har litt meir peiling på elektronikk, og kanskje òg lovverket. Er denne straumforsyninga eg får som erstatning likeverdig eller betre? Ser at det er forskjellar i tal på +3,3V, +5V osb., men veit ikkje kva som er bra og dårleg der. Kan eg kreve ei straumforsyning som leverar same eller betre på dei forskjellige +3,3V, +5V osb., eller er det bare krav til watt som skal vere likeverdig?

 

Takk for gode svar. :)

 

Har fortsatt tid til å avbestille MIST-forsyninga, sjølv om det er ei god forsyning kan eg godt leve med å spare ~1000 kroner og bruke denne i staden, dersom den er god nok. Viss Atrix-forsyninga er dårlegare enn den eg hadde på det eg har spurt om, kjem eg til å konfrontere databutikken.com med det, likeverdig eller betre skal vere likeverdig eller betre. :)

 

Edit: Saka er løyst på eit anna forum. :)

Endret av enixitan
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...