Gå til innhold

E60, ny firmware - død


enixitan

Anbefalte innlegg

I det siste har min Nokia E60 lagt på samtaler akkurat når den føler for det, uansett kor god dekning eg har, så eg tenkte kanskje oppdatering av firmware kunne løyse problemet. Lasta ned Nokia Software Updater, installerte, starta opp firmwareoppdateringsvegvisaren, og følgde alle steg slavisk (backup, koble til ladar, koble til USB, PC-suite modus etc etc.).

 

Ved ca. 70% (tippar eg) i sjøve "Updating software"-prosessen (etter nedlastinga) får eg "Update has failed". Får tilbod om å prøve på nytt, men det same skjer. No kan eg (naturleg nok) ikkje slå på telefonen min ein gong. Kva gjer eg? Har aldri brukt andre firmwareoppdateringsverktøy, kun Nokias eigen, så då antek eg at garantien framleis er intakt (viss ikkje skal Nokia ha refs for mangelfull informasjon etter mi meining).

 

Er det mogleg å gjenopplive den (skulle helst hatt den så fort som mogleg) sjølv (utan å bryte garantien), eller må eg sende den på reperasjon? Den er kjøpt frå MPX (utan abonnement, full pris, med andre ord rein (unbranded som det heiter på engelsk)), og det blir vel ikkje bare billig å sende den i posten...

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...