Zaphon Skrevet 21. september 2006 Del Skrevet 21. september 2006 Eg har prøvd å få til ein spøkelse-effekt, meir presist eit spøkelse som røyser seg opp frå den døde kroppen sin. (Ikkje Ghosting altså.) Det eg gjer er å filme den "døde", og så kutter eg filmklippet opp og legger den delen der han røyser seg opp igjen over det klippet og skrur ned opacity til rundt 50%. (på det øverste klippet) Eg veit ikkje kva feilen er, men liket blir og gjennomsiktig når spøkelset røyser seg opp. Har eg berre eit eksepsjonelt lavt IQ-nivå, eller er det litt snålt? Uansett, er det nokon som har forslag/råd? Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 21. september 2006 Del Skrevet 21. september 2006 Det er kanskje det at den øvste videoen dekkjer til den nederste. Etter at liket har reist seg opp vil det vere golv/vegg der han var, og det vil dekkje delvis over videoen i spor 1. Er ikkje sikker på kva som er den beste måten å fikse dette. Du må på eit eller anna vis fjerne den delen av videoen i spor 2 som dekkjer over personen i spor 1, men ikkje fjerne personen. Om du har Photoshop kan du eksportere klippet i spor 2 som filmstrip eller ein bildesekvens, og so teikne over alt anna enn personen med blått e.l. Sekvensen kan importerast inn att i PPro og brukast i staden for videoen i spor 2. Blåfargen fjerner ein med Chroma key. Dette er mykje jobb, men hugs at det kun er der personen ligg (i video 1) du treng å farge over med blå. Eller so kan det vere du klarer tilnærma noko likt med keyframing av 16-point garbage matte, men eg tviler på at det vert like bra. Om du tilfeldigvis har After Effects kan du bruke ei maske. Kanskje litt mindre jobb enn PS-metoden. Lenke til kommentar
Zaphon Skrevet 23. september 2006 Forfatter Del Skrevet 23. september 2006 Takk for hjelpa! Har ikkje testa forslaga dine endå, men dei virker logiske nok. Eg har Photoshop, så det kan gjennomførast. Eg har vurdert å skaffe meg After Effects, det virker som eit passe genialt program. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå