Garegaupa Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Eg sat og las nyhende på VG Nett tidlegare i dag, og kikka innom fylgjande artikkel: http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=130245 Det eg tilfeldigvis beit meg merke i var fylgjande utsegn frå slutten av artikkelen: "Hytten ligger i rett luftlinje fra stedet hvor kvinnen ble funnet. Det er en av få hytter akkurat i dette området." Per definisjon så ligg vel alle punkt på jordoverflata i "rett luftlinje" i forhold til denne staden, ettersom ordet betyr nettopp kortaste vegen til eit anna punkt gjennom lufta... Kanskje det gjekk litt fort i svingane her...? Lenke til kommentar
Mojo Pin Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Får man VG på nynorsk? Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 12. september 2006 Forfatter Del Skrevet 12. september 2006 Nei, desverre - ikkje som eg veit om i alle fall! Kva var det som gjorde at du kom til å lure på det? Lenke til kommentar
Mojo Pin Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 (endret) Nei, desverre - ikkje som eg veit om i alle fall! Kva var det som gjorde at du kom til å lure på det? 6849874[/snapback] Eg veit ikkje. Eg er berre så lei av nynorsk på skulen - eg mestrar det rett og slett ikkje (noko du kanskje kan sjå på dette innlegget). Eg har høyrt at dersom eg får eit brev skreve på nynorsk, er eg plikta til å svare på nynorsk også. Tenkte kanskje at dere hadde eiga aviser også EDIT: Lærer dykk bokmål på skulen? Endret 12. september 2006 av Mojo Pin Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 12. september 2006 Forfatter Del Skrevet 12. september 2006 Jau då, me har bokmål som sidemål på skulen, me. Og det er nok av lokalaviser som har nynorsk som målform. Men, no tek me vel til å drive litt langt bort frå emnet her...? Lenke til kommentar
Mojo Pin Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Jau då, me har bokmål som sidemål på skulen, me. Og det er nok av lokalaviser som har nynorsk som målform. Men, no tek me vel til å drive litt langt bort frå emnet her...? 6850002[/snapback] Jauda, men det er ikkje nokon som snakkar om emnet her. Det er faktisk berre du og eg. Lenke til kommentar
Kakofoni Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Kanskje eg skal slenge meg på nynorskvogna. VG dreit litt på leggen sin der, ja. Kan vel kanskje hende at dei meinte at den låg like høgt oppe som jenta, men på eit anna "lite fjell" (av mangel på eit riktig ord). Kanskje det hjelper på nynorsk-karakterane å skrive slik som dette? Skadar ikkje å prøve. Kommenter gjerne skrivefeil. Lenke til kommentar
Anders Voldsund Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Jaja, nynorsk meg både her og der, får fnatt av det... Burde vært avskaffet for lenge siden... Gammelmodige tullinger som fortvilt holder fast ved det. 6851340[/snapback] Ikkje sei slikt...nynorsk er tøft. Det er ikkje berre gamle som brukar det heller. Lenke til kommentar
Πεισιθάνατος Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Jaja, nynorsk meg både her og der, får fnatt av det... Burde vært avskaffet for lenge siden... Gammelmodige tullinger som fortvilt holder fast ved det. 6851340[/snapback] Hvis jeg hadde fått velge hvilken målform jeg kunne vokse opp med, hadde det blitt nynorsk. Bokmål er kjedelig. Problemet er at jeg ikke mestrer nynorsken særlig bra. Vi gir egentlig for mye slipp på sidemål. Vi burde begynne tidligere med det, så vi blir mer vant til det. Lenke til kommentar
Kakofoni Skrevet 12. september 2006 Del Skrevet 12. september 2006 Jaja, nynorsk meg både her og der, får fnatt av det... Burde vært avskaffet for lenge siden... Gammelmodige tullinger som fortvilt holder fast ved det. 6851340[/snapback] Du må tenkje på å bevare det norske språket. Eg vil ikkje vere dansk. Lenke til kommentar
Connubialis Skrevet 13. september 2006 Del Skrevet 13. september 2006 du, Garegaupa. når jeg har nynorsk lekser, hadde du vært så snill å hjelpe meg da? lese igjennom og rette skrivefeil? Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 13. september 2006 Forfatter Del Skrevet 13. september 2006 Høyr her, mine herrar (og damer?): Kan me ikkje prøve å halde oss saklege her? Av ti svar, pluss nokon som tydelegvis er sletta, så er det berre eitt som er i nærleiken av å ha noko med det opphavelege innlegget å gjere. Denne posten var meint som eit humoristisk innslag (sjølv om det kan sjå ut som om eg er den einaste som tykte det var morosamt...? ), ikkje nokon debatt om det norske skriftspråk. Dessutan heiter kategorien "Humor", og ikkje "Lingvistikk"... Viss det er nokon som ynskjer å halde ein debatt om nynorsk vs. bokmål så går det an å opprette ein eigen tråd om dette i ein høveleg kategori (viss det ikkje allereie finst ein tråd om dette). Spørsmål til meg personleg om ting som ikkje har med temaet i denne tråden å gjere kan takast på PM. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå