Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Blåskjerm ved oppstart av Dell inspiron 6400


Anbefalte innlegg

Hei.

 

Eg kjøpte for to-tre veker sidan ein Dell inspiron 6400 frå Dell sine nettsider, og heilt sidan eg har fått den, har det vore mykje klatt med den. I det siste no har eg fått blåskjermer når eg prøver å starte den opp, slik at eg ikkje kjem inn i Windows utan å gå gjennom sikkermodus (som eg nyttar til å skrive dette innlegget).

 

Heile feilmeldinga er som følgjer:

"Det er oppdaget et problem, og Windows er avsluttet for å hindre skade på datamaskinen.

 

IRQL_NOT_LESS_OR_EQUAL

 

Hvis det er første gang du ser denne stoppfeilmeldingen, gjør du følgende:

 

Kontroller at all ny maskinvare eller programvare er riktig installert. Hvis dette er en ny installering, ber du maskinvare- eller programvareprodusenten om Windows-oppdateringene du kan trenge.

 

Hvis problemene fortsetter, deaktiverer eller fjerner du nylig installert maskinvare eller programvare. Deaktiver BIOS-minnealternativer som bufring eller skygging. Hvis du må bruke sikkermodus til å fjerne eller deaktivere komponenter, starter du datamaskinen på nytt, trykker F8 for å velge avanserte oppstartsalternativer, og velger sikkermodus.

 

Teknisk informasjon

***STOP: 0x0000000A (0xFFFFFFF8, 0x00000002, 0x00000001, 0x805256F0)"

 

Dette er ikkje første gongen eg ser stoppfeilmeldinga, så eg har prøvd å berre starte maskinen på nytt. Det ender berre med at eg kjem inn på same blåskjerm igjen.

 

Denne gongen skjedde det etter at datamaskinen klikka medan eg prøvde å spela World of warcraft samstundes (!) som eg ville høyra musikk gjennom Windows media player. Dette likte ikkje datamaskinen, og eg måtte starta maskinen på nytt. Eg har også alltid hadde probleme med ytelsen på denne maskinen, og eg maktar for det meste ikkje sjå film eller høyra på musikk utan at lyden og biletet er hakkete.

 

Eg har ikkje installert noko ny programvare, og eg har ikkje lagt til nokre nye hardwarekomponentar så lenge eg har hatt datamaskinen. Dell har ein systemgjenopprettingsfunksjon som eg har prøvd å bruke til å skrua tilbake systemspesifikasjonane ein dag for å prøve å fiksa dette, utan at dette hjalp.

 

Hardwarespesifikasjonane er standard for Dell inspiron 6400 (1,6 Ghz), berre at min maskin har 1 Gb minne i staden for 512, og eg har 80 Gb harddisk i staden for 60 Gb. Eg har ikkje lagt inn noko spesielt på den, berre nokre spel, og bileteprogram og slikt. Utanom det er maskinen akkurat slik eg fekk for nokre veker sidan. Eg har allereie måtta ringja Dell tidlegare for å klage på eit "øydelagt" batteri, så så langt ser eg ingen grunn til å vera nøgd med denne dritten Dell har servert meg.

 

Dersom nokon kan hjelpa, hadde det vore glimrande.

Endret av Xyril
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...