Hologram Skrevet 27. august 2006 Del Skrevet 27. august 2006 Bestillte nettopp LCD display frå microplex, type: http://www.microplex.no/product.aspx?pid=J...0X4BL&mcat=c486 Eg har nå innstallert dette og det ser ut til å fungere normalt. Eg har innstallert dei to programma som trengs for å få displayet i funksjon. (LCD Smartie og port95nt som trengs for å få tilgang til paralellporten) Dette ser altså ut til å fungere normalt og displayet viser det eg vil.... Problemet er berre at PC'en er ekstremt ustabil! Under installasjonen av displayet var eg uheldig og nappa ut ledningen til prosessorkjølaren, noko eg ikkje merka før litt etter at eg hadde slått på pc'en. Eg fekk kobla til kjølaren igjen fortare enn svinnt og målaren som viser temperaturen på kjøleribbene til CPU kjølaren sank etter kvart ned til normale 30grader frå ca 50. (CPU var nok ein del varmare enn 50grader med andre ord...... Eg merka og i ettertid at straumkabelen til ein av S-ATA diskane ikkje var pressa heilt inn i kontakten. Hardware: Athlon 64 3000+ 2ghz MSI K8N Neo Twinmos 3x 512Mb ata100 200Gb (operativsystem) s-ata 200Gb (den som ikkje hadde straumkontakten heilt i) (lagring...) s-ata 250Gb (lagring) Gainward 6800LE 128Mb Problema har vore som følger: 1. PC'en kjem ikkje inn i windows. Eg skrur på maskina, den opptrer normalt inntil eit visst punkt i oppstarten (ca litt før den blå "velkommen" skjermen visest) På dette punktet skjer det ingenting meir.. Skjermane skrur seg etter kvart over på standby noko som tyder på at dei ikkje får signal... etter ca 1-2 minutt startar maskina på nytt. Dette kan gå i ein evig loop.... har ikkje opplevd dette etter at eg pressa straukontakten til harddisken heilt inn men nevner det likevel. 2. Oppstart stoppa opp etter nokre få sekund. Oppstarten stoppa opp like etter at det første vinduet der man kan velge å gå inn i BIOS visest. På skjermen står det noko om RAID. Ingen muligheter til å gjere noko som helst med maskina. Ved forsøk på å komme inn i BIOS viser same skjermen og ein må restarte maskina. Etter å ha kjørt reset på BIOS fungerte dette som normalt. 3. Windows låser seg utan grunn og utan førevarsel. Når som helst og heilt utan førevarsel låser alt seg. Mus og tastatur responderer ikkje, skjermbildet frys, LCD skjermen byttar ikkje skjermbilde. Einaste som fungerer er musikken, Winamp spelar ferdig den songen som den held på med men startar ikkje på ny sang når den er ferdig...... slike "frys" kan skje når som helst, med 30 minutts mellomrom eller med 2 sekunds mellomrom... dei kan vare frå 30 sek opp til over 5minutt.. (har forlatt pc'en nokon gonger for å sjå om den er "ulåst" når eg kjem tilbake. Bruk av CPU er ikkje nødvendigvis stor når dette skjer, det kan skje når eg flyttar eit vindu, minimerer eller maksimerer ein vindu, opnar ein meny, trykker ok i ein meny eller berre heilt uprovosert. 4. Feil og flekker på skjermibildet, "spikes" i spel. Innimellom (spesillt i forbindelse med "frys") oppstår det forstyrrelsar på skjermbildet. Dette kan vere at pixlane i eit lite område er stokka om og det ser ut som at områder er "sladda". I world of warcraft får eg mykje forstyrrelsar på bildet i form av "spikes". Dette har førekomme tidlegare og men har alltid ordna seg etter ein restart av programmet. Nå hjelper ikkje dette. Påloggingsskjermen kan bli ok etter ein restart av programmet, men når ein etter kvart kjem inn i spelet dukkar forstyrrelsane opp. Er det nokon som har idear om kva som kan vere problemet? er det CPU'en som har fått seg ein støyt? Om de treng meir informasjon så berre spør...... slik det er no er maskina så å seie ubrukeleg.... sjølv om eg faktisk har klart å skrive heile dette innlegget utan at det har oppstått nokon problemer...! Håpar nokon kan hjelpe! Lenke til kommentar
Hologram Skrevet 28. august 2006 Forfatter Del Skrevet 28. august 2006 Maskina har nå stått på i 16 timar utan at det har vore nødvendig med restart. Har og lagt merke til at det stort sett er når det dukkar opp små menyvindu det låser seg. Dvs bekreftelsesvindu, vindu for å sette inn linkar i foruminnlegg o.l. Det kan då låse seg både når vinduet opnar seg og når ein trykker på OK.... Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå