Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Creative X-fi fatal1ty fjernkontroll


Anbefalte innlegg

Eg har eit Creative X-fi fatal1ty lydkort som fungerer heilt fint bortsett frå at fjernkontrollen ikkje virker med Winamp.

 

Eg har valgt "Enable Control of Window Applications" i "Entertainment Center Settings" og fjernkontrollen virker med andre program som Windows Media Player, Windows Utforsker, Kalkulator O.S.V.

 

Eg fann ut at creative har brukt fleire *.key filar for å velgja kva dei forskjellige knappane på fjernkontrollen skal gjera i forskjellige program.

På mi datamaskin ligg filane i C:\Programfiler\Creative\Sound Blaster X-Fi\Entertainment Center\KeyMap

 

Eg har sett på filane for dei programma eg bruker og dei ser ut til å stemma.

 

Slik ser ein liten del av Winamp v1.x.key ut:

[KeyEvent6923]
KeyName=Play
Notification=2
KeyEventRemap=40045
HandleByApp=1

 

[KeyEvent6923] velgjer kva knapp på fjernkontrollen som skal brukast til funksjonen under(i detta tilfellet til å starta avspeling i Winamp).

Sjå Diagram

 

KeyName=Play Eg veit ikkje kva det skal brukast til, men det er namnet på den funksjonen det aktiverer, kanskje det er her for å gjera filane lettare å lesa.

 

Notification= Korleis "KeyEventRemap" blir send til programmet fjernkontrollen skal styra

-1 - Send ASCII komandoar

1 - ?

2 - Send Windows WM_COMMAND meldingar med wParam sett til verdien av "KeyEventRemap"

3 - ?

4 - ?

 

KeyEventRemap=40045 Kommandoen som skal sendast til programmet fjernkontrollen skal styra, 40045 betyr play i Winamp.

 

HandleByApp=1 Eg veit ikkje kva detta betyr.

 

Creative har og laga til forskjellige filar for forskjellige fjernkontrollar, desse filane ligg i C:\Programfiler\Creative\Sound Blaster X-Fi\Entertainment Center\RCRx på dataen min.

 

Filen RM-1800.RCI gjelt for min fjernkontroll.

 

Slik ser ein liten del a filen ut:

[RCKeyCode619E44C1]
MMCDEvent=6923
KeyName=Play/Pause
OneShot=7

 

[RCKeyCode619E44C1] - Kanskje ei minneadressa

 

MMCDEvent=6923 - Definerer talet som er brukt i KeyEvent i *.key filane

 

KeyName=Play/Pause - Namnet på knappen på fjernkontrollen, er der kanskje berre for å gjera filen lettare å lesa.

 

OneShot=7 - Eg veit ikkje kva detta betyr

 

Lista over Winamp kommandoar:

Previous track button 40044
Next track button 40048
Play button 40045
Pause/Unpause button 40046
Stop button 40047
Fadeout and stop 40147
Stop after current track 40157
Fast-forward 5 seconds 40148
Fast-rewind 5 seconds 40144
Start of playlist 40154
Go to end of playlist 40158
Open file dialog 40029
Open URL dialog 40155
Open file info box 40188
Set time display mode to elapsed 40037
Set time display mode to remaining 40038
Toggle preferences screen 40012
Open visualization options 40190
Open visualization plug-in options 40191
Execute current visualization plug-in 40192
Toggle about box 40041
Toggle title Autoscrolling 40189
Toggle always on top 40019
Toggle Windowshade 40064
Toggle Playlist Windowshade 40266
Toggle doublesize mode 40165
Toggle EQ 40036
Toggle playlist editor 40040
Toggle main window visible 40258
Toggle minibrowser 40298
Toggle easymove 40186
Raise volume by 1% 40058
Lower volume by 1% 40059
Toggle repeat 40022
Toggle shuffle 40023
Open jump to time dialog 40193
Open jump to file dialog 40194
Open skin selector 40219
Configure current visualization plug-in 40221
Reload the current skin 40291
Close Winamp 40001
Moves back 10 tracks in playlist 40197
Show the edit bookmarks 40320
Adds current track as a bookmark 40321
Play audio CD 40323
Load a preset from EQ 40253
Save a preset to EQF 40254
Opens load presets dialog 40172
Opens auto-load presets dialog 40173
Load default preset 40174
Opens save preset dialog 40175
Opens auto-load save preset 40176
Opens delete preset dialog 40178
Opens delete an auto load preset dialog 40180

 

Eg fann mykje av informasjonen over i Creative sitt forum

 

Eg har prøvd alt eg kan komma på for å få fjernkontrollen til å virka, eg har til og med prøvd å laga eit lite program som sender WM_COMMAND meldingar til Winamp for å testa at feilen ikkje låg i Winamp og programmet fungerte fint.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...