Gå til innhold

redigering av video..


Anbefalte innlegg

Noen tips til redigeringsprogram? Redigerer ikke bare ting jeg har tatt opp, men først og fremst videoklipp jeg har på pcn som jeg vil sette sammen med musikk. Har brukt en del pinnacle men der går det ikke an å kombinere så mange ulike typer videofiler på samme prosjekt. Noen andre programmer som funker bra til slikt? Kombinerer ofte .wmv .avi .mpeg. o.s.v

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har du prøvd Windows Moviemaker? WMV-filer er iallfall støtta der. Alternativt kan du sjå på Adobe Premiere Elements og Magix Movie Edit Pro. Veit ikkje om dei har støtte for fleire format enn din versjon av Pinnacle, men ein kan laste ned demoar av begge to, henholdsvis her og her, so det er no fritt fram å prøve dei. Premiere Elements koster rundt 900kr frå Adobe.no, Movie Edit Pro koster omlag 500kr frå Boston.no.

 

Det vil ofte oppstå problem ved importering av videofiler, av den enkle grunn at det finst svært mange forskjellige codecar (måten videoen er komprimert på), og fleire av desse har ofte ikkje støtte i redigeringsprogram. Nokre av dei er òg svært dårleg eigna for redigering i utgangspunktet.

 

Av og til vil det hjelpe å installere ein codec. Til dømes om det er MJPEG-filer frå eit digitalkamera, so kan det gjerne hjelpe å installere ein MJPEG-codec. I andre tilfelle er det ingen andre gode alternativ enn å konvertere fila til eit format som er betre eigna for redigering.

 

Noko ein bør hugse på, er at sjølv om to filer har same filetternamn (t.d. .avi), so må ikkje det tyde at det er same type fil. AVI er nemleg eit sokalla kontainerformat, som ikkje seier noko om korleis videoen (og lyden) skal verte komprimert. I ein slik kontainer kan ein bruke mange ulike codecar, og det er stor forskjell på kor gode desse er for redigering. På same måte kan .mpg-filer vere både MPEG1-filer og MPEG2-filer.

 

Til dømes har XviD og DivX-filer som oftast endinga .avi, sjølv om begge codecane er ein form for MPEG4-codec, og lyden er ofte i mp3. MJPEG bruker og .avi, og filene ein får frå eit DV-kamera er .avi.

 

Det finst mange program som kan konvertere filer. Døme er Virtualdub MPEG2 (variant av Virtualdub med støtte for MPEG2-filer), Mediacoder og WinAVI. Det beste er truleg å konvertere filene til DV AVI. Filene frå eit DV-kamera kjem i DV AVI, og har støtte so godt som overalt. Microsoft sin DV AVI-codec er inkludert i XP, men sjeldan tilgjengeleg i program som dei nemnt over, so ein må laste ned andre, som til dømes Panasonic sin.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...