Gå til innhold

Overføra unormalisert excel-fil til MySQL


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Notearkivet vårt ligg i ei excel-fil, og me vil leggja det ut på internweben vår. Det er snakk om 1020 postar, med følgjande oppdeling:

 

Nr, Tittel, Komponist, Arrangør, Type, Utdelt (boolean), Status (manglande noter o.l.)

 

Eg har lese at eksporten kan gjerast rimeleg lett ved å lagra som CSV og importera i phpMyAdmin. Problemet er følgjande:

 

Feltet type angir ganske mykje rart. Her kan det vera snakk om sjanger (underhaldning, filmmusikk, klassisk) eller rett og slett type (trombonesolo, horntrio osv.).

 

Tanken er å laga ein meir normalisert webdatabase, der ein kan søkja i hovudfelta på tittel, komponist, arrangør, eller gjera oppslag på det som i dag er Type. Type vil eg nok dela opp i to nye tabellar:

 

Sjanger og Type.

 

Eg vurderer óg å då kun bruka typisk Duett, Solo, Trio, Ensemble osv i tabellen Type, og heller oppretta endå ein tabell InvolverteInstrument, der ein då kan velja kven som er involverte i soloen/duetten.

 

Vonar at dette var godt nok forklart. Spørsmåla blir då:

 

1. Kva blir enklaste måten å knyta dette opp mot mySQL utan å måtta registrera sjanger og type manuelt på alle 1020 postane? Kan eg laga eit script som gjer dette?

 

2. Er de samde i måten min å strukturera databasen på?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Éin ting til angåande feltet Type: Enkelte gonger ligg det fleire sjangrar, t.d. Underhaldning og Fanfare. Desse er skilte med komma. Eg må altså oppretta ein koplingstabell, som kjem til å heita noko slikt som TittelSjanger.

Endret av Gullars
Lenke til kommentar

Eg har gjort nokre endringar, då det viste seg at det var kjapt gjort å dela opp det gamle Type-feltet i excel manuelt. Skjermbilde frå ny excel-fil ligg vedlagt.

 

I kolonne E har eg skilt kategoriane med komma (,). Kolonne G trur eg eg vil bruka som notatfelt, iom. at dette vil kunna innehalda ganske mange ulike kombinasjonar.

post-7901-1152867768_thumb.jpg

Endret av Gullars
Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...