Someth Skrevet 9. juni 2006 Del Skrevet 9. juni 2006 Eg meinar at xbox var ei rimeleg feit maskin. Først og fremst på grunn av Halo 1, 2 og morrowind. Ps2 var rimeleg okey med Final Fantasy, Guitar Hero, Metal Gear og ein desj med andre titlar. Vil også sei at GC fenga godt med Zelda, Metroid og Smash Bros. Kva av desse spela som hadde feitast grafikk betydde vel igrunn ikkje særleg mykje for min del, men god underhaldning var det i alle saman. Dermed tykkjer eg maskinene er nokonlunde likestilt, men der er jo naturlegvis kvalitetar som har ulik appell til ulike folk. Ein av desse kvalitetane er satsing på utradisjonelle typar spel, som eg vil meine sony kom først ut døra med, i forhold til wii her altså. Ta Singstar, Buzz og Guitar Hero som eksempel, eit av desse kan selge ei ps2 maskin på eigahand. Det skal bli interessant å sjå kva "alternative" spel som vil dukke opp hos dei tre store denne generasjonen. Eg har allereie invistert i ein 360, først og frems på grunn av Oblivion, men eg vil også få med meg Halo 3, Fable 2 og slenge meg med på livebølga. Ps3 tykkjer eg har sett mindre spennande ut grunna at den ikkje har lagt særleg mykje nytt på bordet. Men så fekk vi kjennskap til at den vil bli sonefri, og så ser jo tross alt Mgs4 og FFXIII unekteleg blodfett ut, iallefall det lisje vi har sett. Så spørs det om Nintendo kjem seg på beina igjen. Det ser jo lovandes ut forsåvidt, og det ser ut som dei moglegens vil lure seg unna problemet DS hadde med lite støtte i byrjinga av levetida, og få spel som utnytta det særegne med maskinvara. Om den når ut til folket trur eg det vil vere eit rimeleg tydeleg trøkk for Sony. Så det gjenstår igrunn berre å sjå. Det vil som sagt ikkje vere mogleg å forutsjå ein vinnar allereie, men Ps2 sel fortsatt bra, meir enn 360. For eit år sidan kom folk og spurde etter ps3, og ein høyrer stadig om folk som "heller ventar på ps3" enn å kjøpe ei maskin dei ikkje kjenner. 360 må ha eit vidunder i baklomma, og Wii må verkeleg levere om nokon av dei skal kome opp på sidelinja til Sony. Microsoft har iallefall litt tid å gjere det på, men såvidt eg ser, er der ingenting så stort på veg. Men kva prisen vil gjere med Ps3 sine salg skal bli spennande å sjå. Som Peter Moore sa: kundane kan kjøpe ein Wii, og ein 360 for prisen av ein ps3. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå