The 5 element Skrevet 22. mai 2006 Del Skrevet 22. mai 2006 (endret) Hadde ADSL frå Tele2 har derfor eit Ericsson HM210di modem. Bestilte ADSL frå Freewave, lågare pris og høgare hastigheit. Når eg bestilte opplyste eg om kva modem eg hadde, og det skulle ikkje være noko problem sa dei. Eg skulle få all informasjonen eg trengte i god tid. Den kom ikkje så eg ringt, det kosta meg 150,-. Han eg snakka med kunne ikkje hjelpe meg så han skulle sjekke og ringe tilbake. Det gjorde han ikkje. Eg ringte etter 4 timar, det kosta nye 150,-. Fekk ikkje hjelp då heller, men dei skulle sjekke og ringe meg tilbake. Denne gongen ringte dei faktisk tilbake, og det visar seg at dei ikkje kan hjelpe meg med dette modemet. Det einaste dei visste var at det var andre kundar som hadde fått dei til, og dei anbefalte meg faktisk å ringe til Tele2 for å få hjelp. Dersom Tele2 ikkje kunne hjelpe meg måtte eg finne ut korleis eg skal sette det opp på sjølv. Angrar allreie på at eg bytta, og så snart eg er ferdig med mine 12 månadar bindingstid er eg ferdig med Freewave. Ein utruleg slett kundebehandling som eg ikkje har opplevd før. Har hatt både Telenor og Tele2, og der fekk ein i det minste hjelp når ein ringte og ein måtte ikkje betale 13,02 i minuttet for å få hjelp. Det nyttar ikkje å sende e-post til Freewave heller, dei er så få på support at det tar mange dagar før dei svarar. Sender ein kopi av dette til dei så får me sjå kva som skjer. Då har eg fått ut litt damp, beklagar at innlegget vart litt langt, me spørsmålet mitt er : Er det nokon der ute som veit korleis eg skal sette opp mitt Ericsson HM210di ADSL modem for å få det til å virke med Freewave? Svar som verkar blir satt stor pris på, berre håpar at eg rekk det før eg blir lynsja av frua og borna. Tilslutt så vil eg tilrå alle som vurderar å bytte til Freewave å tenke seg godt om. Dersom du treng hjelp til noko så går det fort 150,- på ein telefonsamtale. Det er heller ikkje sikkert at du kan bruke det utstyret som du har sjølv om dei blir sagt når du bestiller. Sørg for å få det skrifteleg samt namnet på den personen som lovar det. Dersom eg hadde hatt det så hadde eg krevd tilbake ekstrakostnadane som eg no får pga av at medarbeidarane lovar meir enn dei kan halde. Endret 22. mai 2006 av The 5 element Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå