Gå til innhold

Vestleg utsjånad – eit ideal av vår tid?


Anbefalte innlegg

Skreiv om dette emnet som ei skuleoppgåve, men tykkjer at emnet fortener ein diskusjon.

 

Vestleg utsjånad – eit ideal av vår tid?

 

I ein artikkel som VG publiserte 25. februar -06 (http://tinyurl.com/h7aoe), fortel dei om ikkje-etniske nordmenn som tek kosmetiske operasjonar for å få ein meir vestleg utsjånad. Spørsmålet er her om det er ein stadig aukande tendens i samfunnet, og om den vestlege utsjånaden er det idealet som verda vil leve opp til. Kva er det som har ført til denne situasjonen vi har i dag, og kva kan vi forvente i framtida?

 

Denne opphøgjinga av vestleg kultur er eit resultat av den dominerande posisjonen som Europa har hatt gjennom tidene i forhald til andre verdsdelar. I lang tid, lenge før Kristus vart fødd, har Europa vore den leiande verdsdelen (med unntak av Asia, som også hadde ein leiande posisjon ei stund), men denne posisjonen vart styrka i svært stor grad i middelalderen. Etter dette har vestleg innflytelse vore å merke over nært sagt heile verda.

 

I moderne tid, med hovudvekt på etterkrigstida og utover, har vestleg kulturhatt ein svært aukande popularitet. Dette er noko vi ser i heile verda, og denne tendensen aukar enda meir. Eit godt eksempel er kor amerikaniserte (med tanke på at det er den amerikanske kulturen som slår mest igjennom her i verda) vi faktisk har blitt i Noreg, og at denne amerikaniseringa stadig aukar. Dette gjeld ikkje berre for Noreg, men for heile verda. Vestleg kultur står i fokus. Mykje av dette er på grunn av at den vestlege levestandarden auka kraftig etter krigen. I seinare tid har levestandarden auka på ein global basis. Tendensen blir då at ikkje-vestlege land følgjer etter vestlege land, og med større fokusering på kapitalisme og vestleg tankegong. Med dette følgjer mykje reklame, og då særleg vestleg reklame.

 

 

Modellar blir ofte brukt, og med denne kopieringa av den vestlege levemåten blir det naturleg at vestleg utsjånad kjem høgt i fokus. Eit godt eksempel på dette kan være korleis Thailand har utvikla seg. Etterkvart som levestandarden i landet har auka, så har vestleg kultur auka. I det moderne samfunnet i Thailand er vestleg kultur, tenkjemåte og utsjånad idealet. Dette kjem svært klart fram i massemedia. Store plakat med personar med vestlege kjenneteikn i utsjånaden dominerar. Noko som er vanleg blant TV-stjernene i Thailand, er at dei har ein vestleg far og ei mor frå Thailand. (http://www.thaiworldview.com/tv/tv2.htm) Besøk du Thailand, så der du dette med ein gong.

 

Denne fokuseringa på det vestlege skjer ikkje berre i Thailand, der skjer over heile verda. Etterkvart som levestandarden her på jorda kjem til å auke, kjem også kopieringa etter vestleg levestil å auke. Forskjellane mellom innvandrarar i Noreg og ”innfødde” blir mindre, verda blir meir globalisert. Dette skjer i svært stor grad blant andregenerasjonsinnvandrarar. Samtidig forsvinn fleire språk her på jorda, og då blir fleire kulturar knytte saman. Engelsk blir i større grad eit enda meir dominerande språk. Kjem dette til å halde fram, så er det klart av vestleg utsjånad blir eit enda større ideal enn i dag dag, sjølv om det er dominerande venleiksidealet av vår tid.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...