Gå til innhold

Tekst i premier elements


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Det finst ein to-tre ulike måtar å gjere det på i Elements, men ingen av dei er heilt automatiske.

 

Den enklaste er å leggje til ein enkel wipe (overgang) som går frå venstre til høgre på teksten. Skal du ha fleire linjer med tekst må kvar linje vere på ein separat tittel. Med denne måten vil det ikkje sjå ut som teksten vert skrive ("skrivemaskineffekt"), men to andre, litt meir tungvinte måtar gjer det.

 

Den eine går ut på å bruke Crop- eller Clip-filteret, og keyframe dette slik at bokstavane kjem fram ein og ein. Her og må kvar linje vere på kvar sin tittel.

 

Den andre går ut på å bruke noko som heiter 8-point Garbage matte (ligg under Keying), og keyframe nokre av dei åtte punkta på denne slik at bokstavane kjem fram ein og ein. Med denne metoden treng ein ikkje ha kvar linje på forskjellige titlar, men det er til gjengjeld mest arbeid... Når eg tenkjer meg om, so kan eg ikkje garantere at denne effekten finst i Premiere Elements. Har berre erfaring med PPro sjølv.

 

Har ikkje tid akkurat no, men om du vil kan eg forklare den andre og tredje framgangsmåten litt meir detaljert seinare i dag.

Lenke til kommentar

Eg liker heller ikkje tanken på stemma mi på film, men i dette tilfellet er det nok som du seier det beste alternativet. Ikkje berre fordi det er enklare, men fordi mykje tekst på film sjeldan gjer seg so veldig bra. Du kan jo og kombinere voiceoveren med stikkord som kjem fram etterkvart.

 

Om du likevel vil ha teksten i sin heilheit, so kjem lengda an på kor mykje tekst det er og kor liten tekststorleik du har. Det går jo an å prøve det ut på familiemedlem.

Lenke til kommentar

Det kan kanskje gå an i Powerpoint, men eg veit ikkje kva slags eksportmogelegheiter ein har der. Om du kan eksportere frå Powerpoint til eit format som Elements støtter, t.d. MPEG eller AVI, so er det ein mogelegheit.

 

Om PP ikkje har mogelegheit for det, so er det eit alternativ å spele av animasjonen i PP, og bruke eit program som tek opp det som skjer på skjermen. Det finst fleire av desse, som Windows Media Encoder, Camtasia, Camstudio og Fraps, men om du ynskjer å bruke tid på det får verte opp til deg.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...