Gå til innhold

Guide for å øke din hastighet i uTorrent


Zeph

Anbefalte innlegg

Guide for å øke din hastighet i uTorrent

  • MERKNADER FØR DU LESER DENNE: Guiden er ein mindre kopi av
denne guiden på uTorrent sine heimesider og er tatt ganske fritt oversatt til norsk. Eg kan ikkje garantere at alle metodane er dei beste for din forbindelse og din PC, men det har fungert for meg og veldig mange andre.
 
Eg har ikkje spesielt god peiling på det tekniske, så til alle som skal lese denne og etterpå tenker "Han der er jo heilt på tur, dette er jo feil!": Post ein forklaring på problemet så skal eg endre det i guiden så fort eg får tid. Som det står i guiden på punkt 7 veit eg ikkje kvifor TCPIP-nummeret blir satt så høgt, så ein forklaring og gjerne korrigering blir eg glad for.
 
uTorrent er ein BitTorrent-klient, faktisk ein av dei beste eg har prøvd, men ved å stille programmet inn korrekt kan du oppnå enda høgare hastighetar enn i utgangspunktet.
 
1: For det første må du åpne ein port i ruteren for å kunne oppnå ønska hastighet, alt for mange slit med dårlig fart der løysinga ofte er å åpne ein port. uTorrent har eit testverktøy for å finne ut om du har klart å åpne porten.
 
2: TCP Optimizer er eit program som kan optimalisere internettforbindelsen din, last ned følgande: TCP Optimizer, installer det og dra Connection Speed opp til din nedlastingshastighet, verken meir eller mindre. Å dra den over din reelle fart vil ikkje ha noko for seg. Deretter velger du Optimal settings nede i programmet. Velg Apply changes og start på nytt.
 
3: Det er nokon som påstår at ein endring av TCPIP.sys-fila i Windows skal ha ein merkbar effekt på hastigheten. Dette vil imidlertidig variere frå maskin til maskin. Eg anbefaler alle å prøve uTorrent med dei tipsa eg har nevnt nedover før du eventuelt prøver denne patchen, den vil øke risikoen for at virus sprer seg raskare. Dersom du ikkje får noko merkbar endring sjølv med denne kan det være lurt å endre nummeret til 10 igjen og prøve å finne ut kor problemet ligg. Last ned denne: TCPIP Patch. Pakk ut fila og kjør den. Du vil få opp eit vindauge i MS-DOS ledetekst og det du må gjere er å trykke på C for å endre tallet, sett deretter inn 50-100 og trykk på enter. Du blir deretter spurt om å bekrefte, så velg Y for yes og enter. Start systemet på nytt etter dette.
Edit: Har endra dette punktet etter litt nærmare lesning på nettet.
 
4: For å finne din ruter og den riktige framgangsmåten for å åpne portar på din ruter kan du besøke Portforward.com. Du finn ikkje alle her, men det hjelp deg eit stykke på vei. Det kan være ein fordel å bruke ein port høgare enn 1024 på nokre ruterer, og det er nok av portar å velge blant, på titusenvis. 9500, 12345, bruk fantasien.
Ny!: Guide til å åpne portar på Zyxel P-660RU-T3, ein mykje brukt ruter på NGT sin ADSL2+-forbindelse: Trykk på Spoileren for å lese.
 
Guide til å åpne portar på Zyxel 660-RU ruter.
 
For å kunne oppnå høgare hastighet ved nedlasting med ein Torrent-klient er det ein fordel å åpne ein port på ruteren som programmet kan benytte, denne guiden viser deg korleis.
 
1: Åpne porten i ruteren
Start ein nettlesar (Internet Explorer, Opera, FireFox osv) og skriv i adressefeltet: http://10.0.0.1:31337. Du vil då få opp følgande skjermbilete:
 
login0mu.png
 
Passordet er 1234 som standard i ruteren. Skriv inn dette og i neste vindauge når du får beskjed om å endre passord kan du endre det til eit passord du finner passande. Eg bruker 12345 sidan ruteren til stadighet ba om å få endre passordet om eg lot det være 1234.
 
Klikk deg vidare og du får opp åpningsbilete til ruteren. Her klikker du deg rett inn på NAT (Network adress translating):
 
nat19tr.png
 
På neste bilete skal SUA only være valgt som standard, er den ikkje det så merk av på SUA only og trykk på Edit details:
 
sua7lg.png
 
Du er nå komen til det punktet der du skal åpne porten. Men først må du finne ut kva den interne IP-adressa til PCen er. Gå derfor til Start menyen og velg Kjør\Run. Eventuelt kan du bruke snarveien: Windowstast + R. Skriv inn cmd som vist:
 
cmd1dq.png
 
Du vil få opp eit vindauge med MS-DOS Ledetekst, skriv inn ipconfig:
 
ipconfig9rz.png
 
Som du ser vil du få opp diverse informasjon om ditt nettverk. Det du er ute etter er din IP-adresse som vist i den raude firkanten. Denne adressa kan variere alt etter om du har fleire maskiner på nettverket.
 
Tilbake til nettlesaren og ruteren så skriv du IP-adressa du nettopp fant inn i ruta under IP Adress. Bruk linje nummer 2 sidan den første er opptatt. Under Start Port No. kan du velge kva port du vil, eg har brukt 9500. Sidan det ikkje er behov for å åpne fleire portar velger eg også 9500 under End Port No.. No skal følgande stå i nettlesaren din:
 
save7wg.png
 
Er alt OK så trykker du på Save og kan deretter lukke nettlesarvindauga. Gratulerer, du har no åpna ein port og kan kontrollere om du har gjort rett ved å følge punkt 6 i min Guide for å øke din hastighet i uTorrent.
 
 
5: Brammur kan være ein effektiv stoppar for hastigheten, la den gjere eit unntak med uTorrent for at programmet skal kunne operere fritt. Denne delen har eg ikkje nok erfaring på, dei som måtte ville kan fylle inn.
 
6: Du har no åpna portane dine og med uTorrent kan du som sagt verifisere om dette er utført korrekt: Start uTorrent og velg Options og Speed Guide. Her plotter du inn den porten du har åpna i Current Port og trykker på Test if port is forwarded correctly. Du vil no få opp ei side i din nettlesar der det står om porten er åpna og klar eller ei. Det vil være ganske klart vist, raud farge er feil, grønn er OK. Får du ikkje det godkjent må du prøve å åpne portar på nytt før du til slutt står med godkjent port.
 
Så til innstillingane, velg Options -> Preferences og velg Network. Eg tar utgangspunkt i følgande hastighet: 640 ned og 128 opp, du må erstatte desse tala med din fart.
 
a) Første punkt er Global maximum upload rate, den høgaste hastigheten du kan laste opp i kilobyte\s. Denne finn du lett ved først å dele din upload på 8:
128\10 = 12.8 kB\s


Det er ikkje lurt å bruke all farten din opp til uTorrent, derfor er 75%~90% av hastigheten greit å ta utgangspunkt i. Jo lågare fart du har, jo mindre % bør du bruke, det er ikkje anbefalt å gå over 90%. Me fant altså din maksimale upload, og multipliserer denne med respektive prosent.

12.8x0.80 = 10.24


uTorrent kan ikkje bruke desimaler, så me rundar av til nærmaste heile tal: 10
 

Global maximum upload rate (kB\s) = 10
 
Eg tar ikkje med alle innstilligar i uTorrent, så dei eg hoppar over må du sjølv ta hensyn til om er nødvendig å justere.
 
b) Neste punkt er Global maximum download rate, den høgaste nedlastingshastighet. Denne blir satt på lik måte som upload. Dei med ISDN kan med fordel bruke 10 i staden for 8.
640/8 = 80


Som med upload vil du ikkje bruke heile linja, men her kan du bruke 80%~90%:

80x.85 = 68


Dette gjer oss følgande på dette punktet:
 
 

Global maximum download rate (kB\s) = 68
 
7: Me hoppar over til neste innstilling Torrents på menyen til venstre. Her er det eit par punkter som du må hake av om det ikkje står som default:
 
Enable scraping
 
Pre-allocate all files
 
Enable DHT
 
Enable DHT for new torrents
 
Framleis i Torrents-kategorien så har me eit par punkter. Global maximum number of connections. Den skulle være grei å finne fram til, den er det samme som din upload. Om nokon kunne forklart kvifor dette er lurt, go ahead, eg skulle likt å vite det sjølv.
Global maximum number of connections = 128
 
8: Neste er Maximum number of connected peers per torrent. Her vil du ikkje ha for høge tal eller for låge tal, begge delar vil påvirke nedlastingshastigheten. Eit estimat kan være å multiplisere din oppfart i kB\s med 1.3:
128\8 = 16
16x1.3 = 20


Maximum number of connected peers per torrent = 20
 
Vidare går me til Number of upload slots per torrent. For å ha fart nedover må du dele og her bestemmer du antal ledige plasser du har å dele for kvar torrent. Den bør ikkje gå for langt ned, men dei med ISDN bør heller ikkje overstige 1. For min del velger eg å ta nummeret eg har på Global maximum upload rate og dele dette på 4. Følgande:
10/4 = 2.5


Her kan du velge 2 eller 3. I samme vinduage ser du ein knapp med Use additional upload slots if upload speed <90%, denne er sikkert haket av, om ikkje så gjer det.
 

Number of upload slots per torrent = 2
Use additional upload slots if upload speed < 90%
 
Neste stopp er Advanced der me skal endre på eit par punkter:
 
net.max_halfopen finn du ved å dividere din upload på 2:
128/2 = 64


net.max_halfopen = 64
 
uTorrent er ikkje eit program som brukar mykje prosessorkraft, så me kan tillate at det nyttar litt meir ved å deaktivere følgande punkt:
 
net.low_cpu = *false
Merk: Stjerna kjem opp som ein indikasjon på at du har gjort ein endring, ingenting å bry seg med.
 
Siste punktet som kan være av interesse er peer.disconnect_inactive_interval. Trur dette har med kor lang tid det tar frå ein klient som koplar seg frå til vedkommande blir satt som inaktiv, kan økast til 600 (10 minutt) i staden for 300 (5 minutt) for å øke stabiliteten på koplinga.
 
Det finnes eit script for å kalkulere desse utrekningane på denne linken: http://ut-settings.go.pl/
 
peer.disconnect_inactive_interval = *600

Forklaringar:

kB\s = kilobyte per sekund

kb\s = kilobit per sekund

1kB = 8kb

 

Frå din internettleverandør får du linja oppgitt i kilobit, der er veldig viktig å kunne skilje mellom bit og byte for å få dei riktige innstillingane.

 

Spørsmål, kommentarer, kritikk? Post eit svar!

Endret av zeph
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Flott guide!

 

DHT skal skrus av på de fleste private trackere.

 

Og jeg kan aldri huske at man skal skrive inn upload hastigheten i Lvllord patchen?

 

Ellers veldig god guide! Bruker ikke halvparten av alle innstillingene, men det gjør meg ingenting, går fort nok uansett :)

Lenke til kommentar
Jeg synes brukervennligheten i Bitcomet er mye bedre, men det er diverse ting som gjør

Utorrent til et bedre program.

5887740[/snapback]

Utseende og brukarvennligheten synest nå eg er ganske lik på dei to programmene. Du åpnar ein torrent, velger kva innhald du vil laste ned og lokasjon for så å starte nedlastinga.

Lenke til kommentar
Hvordan er uTorrent i forhold til BitComet? Altså hvor mye bedre?

 

Fra en skala på 1-10

11 :p

Utorrent er mindre krevende, har flere muligheter(RSS, snart innebygget web-server osv.), penere og er tillatt overalt i motsetning til BitComet som er så og si banna hvor enn du snur deg

Lenke til kommentar

Kan ikke forstå hvorfor folk bruker BitComet. Azureus bruker her, prøvd Utorrent, men savne plugins så alltid gått tilbake. Selv om den bruker litt mye ressurser, syns jeg fortsatt det er den beste clienten for torrent.

 

Utvikleren til Utorrent, har også solgt noe av teknologien til Utorrrent til ett firma som driver overvåking av pirat nedlasting, liker ikke det helt :p

 

Kan lese mer om det her

 

http://phoenixlabs.org/

 

Så peerguardian blokkere siden deres tror jeg ;)

Endret av abze
Lenke til kommentar
[*]Global maximum number of connections = 128

 

[*]Maximum number of connected peers per torrent = 16

Litt vel lave verdier vel? Utorrent anbefaler jo selv 55 peers per torrent ved den hastigheten.

5885556[/snapback]

Ja, det vil nok variere frå person til person og torrent til torrent. Poenget med å ikkje setje den høgare er fordi du vil bruke meir av linja til å halde forbindelsen med alle klientane utan at det nødvendigvis øker farten så dramatisk. Mitt tips er å prøve deg litt fram, men eg klarer lett å få 1.5Mbit\s med dei innstillingene.

 

Angåande patchen så har eg lest litt og skal lese litt meir, er ikkje heilt overbevis om at den har så voldsomt mykje for seg, det var også snakk om ein større risiko for å spre virus.

Endret av zeph
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...