senderos Skrevet 30. mars 2006 Del Skrevet 30. mars 2006 Eg og ein genial ven av meg har eit lite problem med oppdateringa til Mac OS X Tiger. Eg (og/eller søstera mi) har ein G3 PowerPC iMac med 450MHz og 192 MB SDRAM. Eg køyrer Mac Os 9.0.4 Norsk Versjon med enabler Mac OS ROM H1-5.5.1. Dette er historia: Ein kompis av meg (den geniale) har skaffa meg eit eksemplar av Tiger OS (ja, heilt lovleg. Det går til skulen sine elevar). Me prøvde å oppdatere Macen min med denne DVD'en, men fekk kjapt opp den første (av mange) feilmeldingar: Update Firmware ... Jaja, greit det, tenkte me og fann etter litt slit ein firmware-versjon som visst nok skulle gå. Men... nei... Kvifor det ikkje gjekk? Ikkje spør meg... Me måtte ha minst Mac OS 9.1 for å legge inn Mac OS X Tiger! Så me leitte på nettet (Google er din venn!) og fant ein gratis multi-part-versjon av Mac OS 9.1 International English på ein engelsk geek si side (den var fjerna frå apple si side), som såg ut til å fungere greit. Men... nei... For å oppgradere til Mac OS 9.1 International English Version, måtte me ha Mac OS 9.0 International English Version, noko me ikkje har. Så då var det ut å leite igjen! (Google er din ven!) Men... nei.. Så no håpar eg at dykk kan hjelpe meg (og min geniale ven, som etter kvart har blitt makteslaus) med å oppdatere Macen min til OSX! Kvar i prosessen har me feila!? Hadde vore utruleg bra med eit raskt svar. Helsing senderos' geniale ven. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå