nilsolav Skrevet 26. desember 2005 Del Skrevet 26. desember 2005 (endret) Hei, Eg bur for tida i USA, og eg har planar om å kjøpa meg videokamera. Eg har sett litt på Panasonic PV-GS65. På nettbutikkane her kostar det omlag 500$~3400NOK. Eg prøvde å finna dette kameraet i Noreg, men eg fann det ikkje. Spørsmåla mine er: -Eg veit det var noko med PAL eller nokre greier som ikkje var likt i USA og Europa. Eg skal med tida flytta tilbake til Noreg. Vil dette vera eit problem? Eg skal i hovudsak bruka kameraet saman med PC. -Er det vanleg at straumforsyningane er frå 110 til 220V, slik som er vaneg for PC? (Dette kan eg sikkert sjekka sjølv, men latskap er latskap). -Er dette eit ok kamera for enkelt bruk? Eg vil at det skal vera lett å ha med seg, og lett å bruka. Det er og greit at det kan nyttast innandørs. -Kva er prisen for dette i Noreg, eller tilsvarande kamera i Noreg. *********************' Etter litt meir søking viser det seg at PV-GS250 kostar berre 20dollar meir. Dette skal visst ha Leica optikk? Eg reknar med at dette svarer seg, men kva vil det seia? Beste helsing NO Endret 26. desember 2005 av nilsolav Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 26. desember 2005 Del Skrevet 26. desember 2005 Spørsmåla mine er:-Eg veit det var noko med PAL eller nokre greier som ikkje var likt i USA og Europa. Eg skal med tida flytta tilbake til Noreg. Vil dette vera eit problem? Eg skal i hovudsak bruka kameraet saman med PC. Skreiv dette på ein anna forum, der det var ein som vurderte å kjøpe kamera i USA: PAL eller NTSC? Om du ikkje visste det: Europa og USA har ulik standard for TV og andre "tilhøyrande" produkt, som t.d. videokamera. NTSC, som vert brukt i USA, har lågare oppløysning, men høgare framerate (fleire bilete i sekundet), i høve til PAL, som vert brukt her i Noreg. Sjølv om det ikkje vil vere noko store problem å redigere NTSC, so vil ein ikkje kunne vise opptaka på alle TVar. Det er nok nokon som takler både NTSC og PAL, men ikkje alle. Det vil og verte problem om du skal blande PAL og NTSC i same filmen, og å konvertere frå NTSC --> PAL trur eg ikkje er det lettaste, i tillegg til at kvalitetsforskjellen kanskje vil verte merka lettare (ikkje at eg veit det, har aldri gjort det sjølv...). Eit tredje problem er at det truleg er vanskeleg å få tak i kassettar til kamera, utan å bestille dei frå USA. Om kameraa du ser på er PAL, er det ikkje noko problem, men om dei er NTSC ville ikkje eg ha kjøpt. Du finn litt meir info her: https://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=392588 Viss du søker på forum.akam.no etter NTSC kan det hende du finn endå meir. So til saka si kjerne: Skal ikkje påstå eg veit mykje om nokon av dei kameraa du vurderer. NV-GS75 er eit 3CCD-kamera, noko som tyder at det har ei biletbrikke for kvar primærfarge; raud, grøn og blå. Det skal gje deg litt betre bilete, spesielt med tanke på fargegjengiving. Men HC42 er truleg ikkje eit dårleg val det heller. Nightshot-funksjonen til HC42 er kanskje litt betre, so om det er viktig, er kanskje det det beste valet. Vil endå ein gong (om du ikkje har gjort det allereie) anbefale deg å søke i Videokamera-delen på http://forum.akam.no/. då begge desse kameraa er omtala iallfall noko der. Lukke til med kjøpet.! -Kva er prisen for dette i Noreg, eller tilsvarande kamera i Noreg.Sjå her. Etter litt meir søking viser det seg at PV-GS250 kostar berre 20dollar meir. Dette skal visst ha Leica optikk? Eg reknar med at dette svarer seg, men kva vil det seia?GS250 skal vere eit veldig bra kamera, men forskjellane på det og GS65 (som kanskje er ein modell ein berre kan finne i USA?), veit eg ikkje. Men eg ville i alle tilfelle ha kjøpt kamera i Noreg, med mindre du får tak i eit PAL-kamera i USA. Lenke til kommentar
nilsolav Skrevet 26. desember 2005 Forfatter Del Skrevet 26. desember 2005 Uff, det var GS-150 som var 20$ dyrare... Ikkje GS-250. Sidan eg bur i USA er det litt tungvint å kjøpa frå Noreg. Eg har heller ikkje TV, kun PC. Slik eg forstår deg har PAL/NTSC berre noko å seia på gamle fjernsyn/dvd spelarar, og at det ikkje spelar nokon rolle dersom ein spelar det av på PC? Både eg og familien har PC, så det skulle ikkje vera noko problem med "onkel med gamal DVD spelar". Eller? Ved å samanlikna spesifikasjonane (grov samanlikning, http://www.panasonic.com/ og prisguiden.no) endar eg opp med ei slik samanlikning: PV GS65 (450$~3150NOK) ~ NV GS75 (4680NOK) PV GS150 (470$~3200NOK) ~ NV GS140 (6300NOK) PV GS250 (999$~6700NOK) ~ NV GS250 (9200NOK) Er verkeleg skilnadane i pris så store, eller er samanlikninga mi feil? Eg kan jo kjøpa ein NTSC tv for den prisskilnaden :-) NO Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 27. desember 2005 Del Skrevet 27. desember 2005 Om du skal vere i USA ei god stund, so vil det jo vere like greitt med NTSC. Det eg skreiv over var med tanke på å bruke kameraet i Noreg. Men det har berre betydning for TV/video ja. Trur mange DVD-spelarar takler begge standardar. So lenge all visning og distribusjon av video skal skje via PC, so har det ingenting å seie om du har PAL eller NTSC. Veit ikkje kor store prisforskjellane er, men det kan vel vere dei er so store. Ville trudd at PV-GS250 og NV-GS250 er bortimot identiske, med unnatak av PAL/NTSC (men det kan vere eg tek feil). Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå