Gå til innhold

Ubuntu - problem i installasjonen [løyst]


knuto

Anbefalte innlegg

Hallo

 

Virker som om linux hater meg. Alle gongene eg har prøvd å installera linux har heile systemet gått rett i dass. Ettersom Ubuntu har kome i ny versjon tenkte eg å sjå om denne ville fungere, men nei.

 

Eg har for snart tre timar sidan starta installasjonen. På heile steget "installer grunnsystemet" har kvar pakke han har "henta" brukt omtrent 1 minutt. Eg har teke livet med ro, men no går det over streken tenkte eg. Eg henta laptopen og surra meg inn til diskusjon.no for å spør om dette var normalt.

 

Endeleg, før eg fekk begynt skrivinga kom det ein feilmelding.

Base system installation error

The debootstrap program exitet with an error (return value 1)

Check /target/var/log/bootstrap.log for the details.

Mitt alternativ no er å prøve å ta steget på ny, eller å gi opp linux denne gongen òg.

 

Uansett: Har de nokon tips til kva eg kan prøve for å få dette til? Og eit lite tileggsspørsmål: Kvaforein distro bør eg prøve viss eg ikkje får ubuntu til å fungere?

 

Eg blir så ufatteleg lei av at linux aldri skal fungere på datamaskinen min. Som programmerar hadde eg hatt ufatteleg godt av å prøve linux som dualboot, og eg har prøvd å installera linux utallige gongar, men alltid er det noko som klikker :mad:

Endret av knuto
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Situasjonsoppdatering: Eg har trykka på at han må prøva å installera grunnsystemet på ny, og denne gonge hentar han kvar pakke mykje fortare (kanskje 10 sekund på kvar). Er derimot ikkje optimist ...

 

Synes det er merkeleg at det ikkje er ein indikator som viser kor mange pakkar han skal henta, og kor mange som gjenstår ... Hadde likt å vite om han hadde henta få, eller mange pakker ... Dessutan er det keisamt at det heile tida skal stå på 6% på hovudindikatoren :p

Lenke til kommentar
Er det mulig at det er snakk om feilbrenning av CD her?

5320787[/snapback]

Eg sjekka MD5-summen før eg brant ISO-fila. Brukte Nero 5, og møtte aldri nokon feilmeldingar.

 

Er der sannsynleg at problemet kan skuldast feilbrenning? Bør eg prøve å brenne på nytt? Er det eventuelt lurt å sette brennehastigheita litt ned? Står jo på maks (x52) ...

Lenke til kommentar
Er det mulig at det er snakk om feilbrenning av CD her?

5320787[/snapback]

Eg sjekka MD5-summen før eg brant ISO-fila. Brukte Nero 5, og møtte aldri nokon feilmeldingar.

 

Er der sannsynleg at problemet kan skuldast feilbrenning? Bør eg prøve å brenne på nytt? Er det eventuelt lurt å sette brennehastigheita litt ned? Står jo på maks (x52) ...

5320825[/snapback]

Du må sjekke md5-summen etter at du har brent cden. Og ja, det er veldig lurt å brenne på lave hastigheter hvis du vil ha noe brent skikkelig :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...