Gå til innhold

Programvare for automatisk nedstenging av PC?


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Eg har eit MSI K8N Diamond hovudkort, og brukar ein Thermaltake Hardcano 13 til å styre viftene på CPU, GPU, chipset og kabinett. Dette fungerer som ein draum, men det som bekymrar meg er kva som skjer viss Hardcano'en sluttar å fungere medan PCen stend og sviv, utan at eg er i nærleiken. Då vil alle desse viftene stoppe, noko som eg ikkje tvilar på at kan få eit temmeleg fatalt resultat... :whistle:

 

Eg har difor leita så godt eg kan i BIOS for å finne ein eller annan måte å stille inn systemet slik at det slår seg av automatisk ved ein viss temperatur, men er ikkje i stand til å finne noko. Difor lurar eg på om det er nokon som har ei løysing på dette, til dømes gjennom programvare som har denne funksjonen. Ein kamerat av meg trudde at nyare AMD-prosessorar har dette innebygd (eg har ein Athlon 64 X2 4200+). Er dette tilfelle?

 

Vonar de kan gje meg nokre hint! :D

 

EDIT: Meinte MSI hovudkort - trur ikkje MSN har begynt å lage denslags enno... :p

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Tenker du mener msi hk.

Oops... Trykkleif... :blush:

 

Takk for tipset, forresten! Har kikka litt på CoreCenter, men visste ikkje at det hadde denne funksjonaliteten... Då er kanskje det alt eg treng! :)

 

EDIT: Jau, så sanneleg! Det hadde eg ikkje lagt merke til! Då skulle eg vere berga! :thumbup:

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...