Gå til innhold

Beskjær .vmw med 800x600


Anbefalte innlegg

Eg har laga ein video med Camtasia på 800x600 pixel.

Enkelte av klippa har fått auka clip speed.

Reslutatet blir at .vmw-fila som Camtasia eksporterer blir lika lang som originalfilmen (utan dei kjappe filmbitane), truleg pga. ein feil eller bug i Camtasia.

 

Filmsnuttane som har fått auka fart tar jo mindre tid, så sjølve filmen er ferdig etter ca. 3 minutt. Resten består av svart skjerm og filmen sluttar ikkje heilt før det har gått ca. 14 minutt. Iriterande.

 

Eg får ikkje fiksa feilen i Camasia, og har prøvd å bruka Windows Movie Maker. Der får eg ikkje ut 800x600, ikkje på vilkår.

 

Korleis kan eg klippa vekk ein bit av ein .vmw-film, utan å endra på oppløysinga til filmen?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det kan vere at WMM bruker prosjekt som følgjer PAL-standarden uansett, og at klipp som er større enn det (720*576) vert forminska, eller at det klipper bort kantane.

 

Det kan hende Virtualdub kan gjere det, men det veit eg ikkje. Det går an i PPro. Demoversjon finn du her. Om det er interessant, kan eg skrive meir detaljert korleis ein kan gjere det i PPro.

 

Edit: Gløymde ein URL...

Endret av incanus
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Sånn, då har eg lånt meg tilgang til Adobe Premiere Pro 1,5 igjen, og tar veldig gjerne i mot tips.

 

Filmen er ein screen capture, så dette er ikkje vanleg video.

Camtasia har kanskje spesielle instillingar for å få minimal filstorleik ved eksport, og eg anar lite om å få noko tilsvarande til i PPro.

 

Filmen har ingen lyd, og i eigenskapar for fila i Windows står det 30 fps.

 

Så då gjetta eg på å laga eit prosjekt som dette:

post-14598-1130828128_thumb.png

Lenke til kommentar
  • 5 uker senere...

Dette prosjektet stranda litt, men eg har no tenkt å ta det opp igjen.

Nyinstallasjon av Windows enda utan at no finn Windows Media Video, under Export Movie Settings. Men eg har Microsoft AVI, og det er vel den eg skal bruka?

 

Fordi eg har installert AutoGK har eg XviD, og fordi eg har installert Camtasia Studio, har eg TechSmith Screen Capture Codec.

 

Skal eg kanskje bruka ein av desse, eller skal eg installera noko nytt?

 

PS! Tusen takk for tipset om Square pixels, foresten. Det verka jo logisk, i og med at det er Windows-pixlar eg her har med å gjere...

Lenke til kommentar

For å eksportere frå PPro med Windows Media, gå til File --> Export --> Adobe Media Encoder. Her har du og mogelegheit for å eksportere til QT og Real Media, om eg ikkje tek heilt feil.

 

Andre codecar du har installert (som t.d. XviD) kjem opp som eit val i ein meny om du har valgt File --> Export --> Movie, og so Microsoft AVI (ikkje Microsoft DV AVI).

 

Det er fleire codecar du kan bruke. Den TechSmith-codecen veit eg ingenting om, men XviD vil kunne gje gode resultat, og det same kan Windows Media eller QT H.264.

Lenke til kommentar

Aha.. Export Adobe Media Encoder... I see...

Der var WMV-ting i bøtter og spann.. For meg er det ikkje viktig at bitrate eller fps står til eit eller anna nivå. Måler er å få fila så liten som mogeleg, utan at pixlane blir slått i hop (800x600). Fargedybde, etc. kan reduserast.

 

Er det nokon diskusjonstrådar, gudar eller filmklypp som omhandlar dei ulike vala og mogelegheitene?

 

Den TechSmith-codecen er nok skreddarsydd til å komprimera skjermopptak, for det er jo frå Camtasia Studio den kjem (programmet for å spela inn det som skjer på skjermen).

Lenke til kommentar

No har eg eksperimentert ein del, og er godt nøgd!

 

File, Export, Adobe Media Encoder

- Format: Windows Media

- Video Codec Settings: Windows Media Video 9 Screen

- Video Bitrate Settings: Variable Quality

- Audio: av

- Audiences:

o Frame Rate [fps]: 6.0

o Pixel Aspect Ratio: Square Pixels (1.0)

o Frame Width [pixels]: identisk med originalen

o Frame Height [pixels]: identisk med originalen

o Bitrate Settings: VBR Quality: 30.00

o Keyframe Interval [seconds]: 5

 

Sjekk resultatet her (35 sekunder lang .wmv-fil, knivskarpt bilete)

post-14598-1133818181_thumb.png

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...