Gå til innhold

Dårleg manuell zoom i de rimelege Olympus-DSLRane?


Anbefalte innlegg

Eg skal (når eg har spart saman nok pengar) kjøpa meg mitt fyrste DSLR-kamera.

 

Har eit spørsmål om E-300. Er det slik som testen her på huset seier, at den manuelle fokusen på E-300 ikkje er noko god?

 

Olympus standard-objektiv til E-300 er 14-45mm, og den får terningkast 2 i testen. Dette skussmålet får objektivet i testen:

 

Sitat:

Olympus sitt objektiv har ikke mekanisk fokus i det hele tatt. Det har en fokusring som styrer en servo, som fokuserer. Det gjør at det er forsinkelse på fokuseringen, og det gjør det vanskelig å fokusere presist. Det utelukker også manuell overstyring av autofokus. Det er ingen avstandsindikator. Å endre fra aufofokus til manuell, gjøres på knapper på baksiden, ikke på objektivet som på Canon og Nikon. Vi mener at elektronisk fokus ikke hører hjemme på et speilreflekskamera.

 

Kva tyder det at det ikkje er mekanisk fokus? Er det nokon som har erfaringar med dette objektivet, at det er dårleg til å fokusere med? I såfall er vel det eit svært alvorleg ankepunkt mot kameraet? Vil dette vera tilfellet med alle objektiv til E-300? Og kjem også E-500 til å ha denne svakheten? På trass av dette, ser det ut til at E-300 har fått gode brukarkarakterar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Både Zuiko 14-45 og 40-150 som blir levert i e-300-kitet er etter mi meining veldig bra "kit-objektiv", og i denne prisklassa så finn ein vel neppe noko som er betre...

 

Når det gjeld den manuelle fokuseringa så fungerer den heilt greitt. At journalisten har problem med dette er sjølvsagt synd, men dette har nok mest med gamle vanar å gjere, og med inngrodde haldningar til kva som er "bra" og "mindre bra".

Det stemmer at ein har eit lite etterslep i fokuseringa, men når ein har gjort dette meir enn 2-3 gonger så veit ein korleis dette fungerer og det er ikkje lenger noko problem.

No er det vel også heller sjeldan ein har behov for å fokusere manuelt, autofokusen er lynkjapp og nøyaktig. Men som sagt, har du behov for det så er ikkje det noko problem :thumbup: .

 

Det han skriv om at "dette utelukkar manuell overstyring av autofokus" forstår eg ikkje heilt, det er ikkje noko problem å autofokusere for deretter å finjustere manuelt i ein og same operasjon, så her har han nok misforstått litt...

 

Når det gjeld zoomen, som du nemner i overskrifta, så fungerer den kjapt og nøyaktig, her er det altså ikkje noko "fjernstyring av servo" visst det var det du tenkte på ;)

Lenke til kommentar

Hei, og takk for kjapt svar.

 

Det er visst ein feil det eg har skrive i overskrifta, eg meinte fokusering, ikkje zoom.

 

Takk for positive tilbakemeldingar. Kan hende eg går for dette kameraet, då, eller oppfylgjaren e-500. Fotomagazinet.no sel e-300 med linse til 6200 kr no, men det er kanskje lurt å venta på e-500 m/same linse som etter ryktene skal liggja på ca 900 dollar (ca 5900 kr). Her i Noreg vert det nok ein del meir, men ikkje så mykje over dagens e-300, altså.

 

Fattig som eg er, har eg med skam å melde óg vore nøydd å sjå på high-end kompaktkamera-marknaden. Eg har nemleg ikkje råd å gå over 6500 kroner. Det vil seia at eg ikkje kan kjøpa fleire linser til kameraet (viss eg går for e-3/500) med det fyrste. Hadde eg f.eks. kjøpt det komande Fujifilm Finepix s9500 til 5200 kr, ville eg fått 9MP, 10x zoom og supermacro. Spørsmålet vert vel om du/de tykkjer E-300 tek såpass mykje betre bilete at det er verdt å klara seg utan lang zoom og macro-funksjonalitet? (det bør seiast at eg ikkje veit kva nærgrensa på vidvinkel er på kit-objektivet til e-300).

Lenke til kommentar
Spørsmålet vert vel om du/de tykkjer E-300 tek såpass mykje betre bilete at det er verdt å klara seg utan lang zoom og macro-funksjonalitet?

Nei.

I din situasjon så hadde eg gått for Fujien, det ser ut som eit veldig bra kamera, der har du alt du treng i ein pakke og til ein pris du kan leve med (eg hadde kanskje satsa på eitt med stabilisator, det er veldig nyttig å ha i mange situasjonar).

Det er nok ein differansen i bilde-kvalitet vil eg tru, men den er nok så liten at det knapt nok har betydning for vanlig bruk. Har ikkje sett testar av dette fuji-kameraet, men vanligvis så er denne type kamera tregare enn SLR, så det er nok på dette punktet du vil merke differansen best.

 

Men dette er mi meining, eg tippar at det er mange meiningar om dette... ;)

Endret av hev
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...