Edmund Blackadder Skrevet 31. august 2005 Del Skrevet 31. august 2005 Hei! Jeg har lest veldig mange sider på nettet om bluescreen , men jeg har aldri frostått hvordan jeg kan gjøre det med mine filmer i praksis. Og ved å bruke Premiere Elements. Så kan noen forklare meg hvordan jeg bruker bluescreen i praksis? På norsk. Tusen takk Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 31. august 2005 Del Skrevet 31. august 2005 Bluescreening går over to deler: 1. Produksjon Filme eit objekt/person mot ein blå eller grønn bakgrunn (vert med grønn farge kalla greenscreen). Det er viktig at lyssetjinga er slik at blå-/grønnfargen er mest mogleg jamn, med lite skugger. Blåskjermen er berre ein stor flate, t.d. ein vegg. Det er mykje forskjellig som kan brukast som bluescreen. Det viktige er, som sagt at den er jamnt lyssatt, og at det er ein klar blåfarge (eller grønnfarge). Det finst sikkert veldig mange tutorials om korleis ein bygger bluescreen på nettet, men her er ein: http://www.jushhome.com/Bluescreen/Bluescreen.html 2. Postproduction. Du legg klippet med personen filma foran blåskjermen i Videospor 2. I videospor 1, rett under det andre klippet, legg du ein bakgrunn av eit eller anna slag. Om du t.d. skal gjenskape ei værmelding, vil du ha klippet av værdama i V2, og kartet i V1. Det mange program no kan gjere, er å fjerne all blåfargen frå klippet i V2, noko som gjer at det er berre personen som er synleg, og bakgrunnen (kartet e.l.) bak denne. Her er grunnen til at blå-/grønnfargen må vere jamn og klar: Om det er masse skugger, vil ikkje programmet vere i stand til å fjerne fargen like bra. Eg veit ikkje om dette er mogleg. Om det er det, vil du i mappa Effects --> Keying finne to effektar, ein som heiter Bluescreen og ein som heiter Greenscreen. Etter at du har plassert begge klippa på tidslinja, legg du til bluescreen-effekten (eller greenscreen om du har filma med grønn bakgrunn) på klippet i V2. Då vil du sjå at alt det blå/grønne frå det klippet er borte, og bakgrunnen er synleg bak personen. Det kan hende du må justere litt i Effect Controls for å få det bra. Om du ikkje har dei to effektane, men ein som heiter Chroma Key i staden, kan du nytte denne. Den gjer eigentleg akkurat det same, men du må velge kva farge den skal fjerne, med dråpeteljaren (klikk og dra den til monitoren der blåskjermklippet visest), som du finn i Effect Controls. Håper du forstod det meste av det eg skreiv... Lenke til kommentar
Edmund Blackadder Skrevet 1. september 2005 Forfatter Del Skrevet 1. september 2005 Jada dette forstod jeg. Tusen takk! Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå