Gå til innhold

Kart med "ruteanvisning".


Anbefalte innlegg

Sitter her å redigerer ferie opptakene, og ønsker en mye brukt kart/rute anvisning.

Når vi ser på reiseprogram etc så ser vi kartet og f.eks en rød strek som følger veiene vi har valgt. Tenkte jeg skulle slippe å lage det på powerpoint, noen som har laget slike anvisninger som har noen enkle triks? Bruker studio 9 og liquid 6.

på forhånd takk

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Problemet med alle dei trådane, er at dei stort sett omtalar Adobe Premiere/After EFfects/Photoshop. Finst sikkert ein liknande måte i Liquid Edition (t.d. om flemmz har Photoshop, og LE har ein gradient wipe effect, var det ein link til ein tutorial som skildra ein metode med dei verktøya i ein av dei trådane).

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Kom på ein enkel, men svært begrensa måte å gjere dette på. Den kan (truleg) gjerast både i LE og Studio.

 

1. Legg eit kart der både startstaden og målstaden visest, utan at du må flytte det.

2. Lag ei rett linje i titleren.

3. Legg denne linja i eit videospor over kartet, og posisjoner/roter/skaler slik at den eine enden ligg i startstaden, og den andre i målstaden.

4. Legg til ein wipe på denne streken. Denne effekten finst garantert i LE, og kanskje i Studio. Ein heilt enkel overgang, som går frå den eine sida til den andre.

 

 

Dette er ein annan måte å gjere dette på utan nokon spesielle effektar, eller andre program enn Liquid Edition, men den er tidkrevjande, og litt begrensa:

 

1. Lag ein kort strek i ynskja farge i titleren.

2. Plasser denne streken i i eit videosport over kartet ditt, plasser den slik at den byrjer der reisen byrjer, og roter den slik at den peiker mot der reisen slutter.

3. Kopier dette klippet, og legg det på eit anna videospor igjen.

4. Flytt denne andre streken slik at den er på same linja, men nærare "mål" enn den fyrste. (Byrjinga på ei stipla linje).

5. Du har sikkert skjønt poenget: Fortsett med å kopiere, slik at du til slutt har strekar som dannar ei stipla linje frå start til mål.

6. Ettersom du ikkje vil at alle strekane skal kome fram samtidig, må du flytte strek #2 nokre frames lengre fram på tidslinja, #3 like mange frames forbi #2 osb.

 

Du vil då få ei stipla linje som dukker opp del for del. Har du ein svingete veg du vil følgje, er det berre å posisjonere kvar enkelt strek deretter. Men merk at om du nytter denne metoden, so vil det vere vanskeleg å flytte kartet og i tillegg, ettersom kvar enkelt strek må flytte seg i lag med kartet. (eller om ikkje vanskeleg, so iallfall tidkrevjande...). Det betyr at du må ha eit kart der både start og mål visest.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...