Garegaupa Skrevet 14. august 2005 Del Skrevet 14. august 2005 Eg har ein (etter kvart noko tilårskomen) sjølvbygd PC som i det siste har blitt litt vanskeleg å starte. Fyrste oppstart etter at PC'en har vore avslegen ei stund går alltid lås midt i oppstarten. Eg ender opp med ein svart skjerm, og ingenting skjer. HDD-lampa indikerer ingen aktivitet, og uansett kor lenge eg ventar så får ikkje Windows XP starta opp. No i det siste har maskina og begynt å låse seg på andre oppstart (og i eitt enkelt tilfelle, tredje oppstart). Men, etter dette startar ho normalt, og køyrer normalt (hadde eitt krasj der maskina berre stoppa, men veit ikkje om dette heng saman med problemet mitt). Scandisk finn ikkje noko feil på harddisken. Det einaste inngrepet eg har gjort i maskina i det siste, er å installere ein ny harddisk. Eg mistenkjer eitt eller anna maskinvareproblem, men er det nokon som kan tenkje seg kva det kan vere? Harddisk? RAM? Hovudkort? Straumforsyning? Veit ikkje heilt korleis eg skal feilsøkje dette, ettersom eg ikkje har ein haug med reservedelar å setje inn for å teste. Nokon forslag? Lenke til kommentar
efikkan Skrevet 14. august 2005 Del Skrevet 14. august 2005 Kan du si litt om maskinvaren? Har du antivirus, antispyware og brannmur(software)? Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 14. august 2005 Forfatter Del Skrevet 14. august 2005 AMD Thunderbird 1GHz, 512Mb RAM, 40Gb Maxtor IDE HD, ASUS hovedkort (kan diverre ikkje hugse nøyaktig typebetegnelse...), Creative GeForce4 MX, SoundBlaster Live!. Brukar siste versjon av ZoneAlarm Security Suite både som brannmur, antivirus og antispyware. Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 25. august 2005 Forfatter Del Skrevet 25. august 2005 Takk for tipset om Memtest86. Har no køyrt det, utan at eg kan finne nokon feil. I tillegg har eg køyrt programmet Maxblast frå Maxtor, for å sjekke harddisken, og heller ikkje her finst det nokon feil. Problemet har berre blitt verre etter kvart. No må eg prøve minst to gonger for å få starta PCen. Dessutan har den av og til begynt å fryse rett etter oppstart. Muspeikar, skjermbilete og alt berre frys, og eg må restarte (av og til to gonger her og). Det synest ikkje å vere nokon problem i det heile teke etter at maskina har blitt varm. Nokon idear? Dette tek til å verte plagsomt, spesielt ettersom eg ikkje klarar å finne feilen... Lenke til kommentar
Targa_PC Skrevet 25. august 2005 Del Skrevet 25. august 2005 Dette minner meg om et problem jeg hadde for en god tid tilbake. Vi trodde det var en harddisk som holdt på å ta kvelden men problemet var HK. Nytt HK løste alle mine problemer. Men fortvil ikke, et nytt s-A HK behøver ikke bli så dyrt. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå