Gå til innhold

Manchester United


Old Game

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Her er et av ManU's problemer om dagen:

- Kan vi få et godt resultat hos Manchester United? Jeg ser ikke hvorfor vi ikke skulle klare det. Flere lag har reist til Old Trafford og fått med seg gode resultater, sier West Hams Matt Jarvis.

 

Tidligere fryktet "alle" å komme til OT og feiret som juleaften og 17. mai på en gang hvis det ble poeng. Nå er innstillingen en helt annen.

 

Edit: trykkleif

Endret av indahla
Lenke til kommentar

Akkurat det har jo vore ganske tydeleg, men eg trur like mykje har vore det Evra er inne på i dag at United sjølv har vore litt for forsiktige, litt for bekymra og spesielt på heimebane. United er jo faktisk det nest beste laget i England om ein ser berre på bortekampane. Problemet til Moyes har sålangt vore heimekampar i serien, og der må han verkeleg få skikk på det. noko har vore marginar, men mykje har vore at ein ikkje set inn støtet når ein har sjansen til det, og då verkar ein plutseleg mykje meir ufarlege enn det ein bør gjere.

 

Det er viktig for United å få nokre kampar på rad med gode resultat framover. No har ein tre sigrar på rad utan å sleppe inn mål, der spesielt sigeren mot Villa var solid, men berre ein av desse var på Old Trafford, og berre ein var i ligaen.

 

Tre poeng heime mot West Ham til helga er derfor veldig viktig. Ikkje berre fordi United treng poenga dersom ein skal blande seg inn i kampen om tabellplasseringane som verkeleg betyr noko, men også fordi ein må vinne kampar i serien på heimebane. Dei to neste kampane i jula er begge på bortebane og kampar ein forventar at ein bør ha gode sjansar til å vinne, men så er det Tottenham igjen i neste heimekamp. No er ikkje Spurs nødvendigvis målet på alt som er bra her i verda, og dei har nok kaos i sine rekker til at ein ikkje skal sjå altfor mørkt på situasjonen, men eg ville likevel gå den kampen i møte med lettare sinn dersom vi har gode kampar i ryggsekken før den tid.

 

Vi har skader på viktige spelarar som van Persie og Carrick, samt at Rooney truleg er ute mot West Ham, men ellers så er ikkje skadesituasjonen så mykje å bekymre seg over. Welbeck, Cleverley og Young har alle hatt positive opplevingar dei siste par kampane, og difor må håpet vere at ein kan ta med seg desse positive vibbane inn i dei neste kampane, få med seg fleire positive resultat, for på den måten å sakte men sikkert bygge opp att litt av den frykten ein ynskjer at ein del lag skal føle når dei står på motsatt banehalvdel.

 

Tolmodigheit må nok til. Vi spelar ikkje veldig god fotball, sjølv om at kampen mot Villa til dels hadde nokre gode perioder og kampen mot Stoke var klart betre enn haustkampen på Old Trafford, sjølv om United stilte med eit svakare lag. Vi har fått eit nokolunde greitt program i jula og forhåpentlegvis klarer laget å utnytte til det å gå inn i det nye året med litt meir futt enn ein har hatt det siste halve året.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Jepp. Det er sammenligning jeg prøver å få til her altså. Prøvde bare å antyde at Januzaj har en liten ting for det teatralske fordi han har filmet et par ganger nå. Hvor ser du at jeg sier at han her i nærheten av å være en serialdiver som Young?

Ser bare antydninger til oppførsel jeg ikke tåler fra en ellers veldig spennende spiller.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...