Gå til innhold

Manchester United


Old Game

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Sidan eg sitter her med kaffikoppen og leitar etter motivasjon for å skrive om semantisk web og ontologiar for Facebook, så kan eg jo ta ei lita morgonrunde på dagens nyheiter.

Får ta landskampane først. Som dei fleste nok har fått med seg, så gjekk Irland på eit veldig surt nederlag i går. Frankrike vinner rimelig ufortjent, etter at Henry spelar handball inne i 5-meteren.

Dunne kan muligens få litt problemer i ettertid etter å ha uttalt seg om det avgjerande målet og dømminga i går.

 

Richard Dunne mener utlikningsmålet fra Gallas bygger opp under den påstanden.

 

- Det er latterlig. Dessverre var det dette vi trodde kom til å skje, ettersom VM styres av mennesker som bestemmer hvem som skal få komme dit. Det er tøft å takle. Det var ikke engang en vanskelig avgjørelse (handsen til Henry), sier han.

- Noen dommeravgjørelser hadde gått i vårt favør, så han følte nok at han måtte gi Frankrike en stor en. Det er ordrene han var blitt gitt, og de utførte han. Dommeren sa han var 100 prosent sikker på at det ikke var hands, og så kom Thierry Henry og fortalte hva han hadde gjort. Det er ganske åpenbart at vi ble snytt, sier han.

 

At Henry innrømmer at han handsar hjelper sjølvsagt ikkje Irland noko som helst, og det er trist for både O'Shea og Gibbo, som ikkje får muligheita til å delta i VM til neste år. Fint for Evra, som får seg eit mesterskap, men det spørs om han kjenner bismaken i møtet med klubbkameratane sine. Spørsmålet blir vel om FIFA/UEFA vil komme til å straffe Henry i ettertid? Sannsynligvis ikkje er mi meining, men at han hadde fortjent å bli gjort eit eksempel av vil eg absolutt seie.

 

Nani var involvert igjen når Portugal sikra seg sin andre 1-0 seier mot Bosnia og hadde vel assist i begge kampane. PortuGoal.com gav denne beskrivelsen av Nani, som etter deira meining var banens beste spelar før han vart bytta ut: Picks up the PortuGOAL man-of-the-match award. Nani was a constant source of danger to the Bosnian defence, beating his marker time and time again, winning free-kicks, hogging possession and constantly providing Portugal with an effective outlet to ensure Bosnia could never work up a head of steam. Unselfish and intelligent play set up the Meireles goal on a plate. Baffling decision by Queiroz to take him off the pitch for the first change.

 

Får håpe to brukbare/gode kampar for Portugal kunne fått han til å prestere noko liknande for United. Om ein baserer seg på at han har gjort det bra i dei to landskampane, så kunne det kanskje vere ein idé å la han starte mot Everton i helga, sånn at han kanskje får spele på seg litt meir sjølvtillit og bygge på det gode spelet han har levert for Portugal. No er vel ikkje SAF kjent for å ta ut lag basert på prestasjonar i landskampar, men heller kva dei gjer for klubblag og på trening, så det gjenstår å sjå, men Nani må få prøve seg dersom han skal kunne vise om han kan ha ei framtid i klubben.

 

Vidic og Berbatov spelte begge for sine respektive landslag i går, og vi kan vel forvente at dei er klare for United mot Everton til helga. Det trenger vi nok, så lenge det er usikkerheit rundt Rio og Evans i midtforsvaret, samt at Berba har det lille ekstra som trengs i angrepsspelet vårt. Såvidt eg fekk med meg, så vart vel også Berbatov Bulgaria sin mestscorande spelar nokonsinne med 48 mål for landslaget.

 

Evans klar for å bli lånt ut

Før du setter kaffien eller melka i halsen, så gjelder dette sjølvsagt Corrie Evans, som i følge SkySports ønskar å bli lånt ut for å tilegne seg førstelagserfaring. Sir Alex skal visstnok vere åpen for å farme ut Corrie, og det spørs om han forsvinner ut enten i januar eller til sommaren. Eg trur nok han ville kunne gjere det bra i ein middels/god Championship-klubb og håper han kan få den erfaringa sånn at han kan utvikle seg til å følge i brorens fotspor.

 

Fleire mediekjelder melder at Rio kan vere ute til over nyttår for å bli kvitt ryggproblema sine. Dersom dette stemmer, så kan det jo hende han blir kvitt problema, men det vil også bety at vi ikkje toler fleire skader på sentrale forsvarsspelarar. Det vil også føre til at Evans neppe kan forvente å få operert den problematiske ankelen før etter at Rio er tilbake. Det skal seiast at eg enn så lenge tar litt forsiktig på denne nyheita, ettersom The Sun har vore inne i biletet. Tar det fortsatt med ei klype salt til eg får bekrefta det frå meir pålitelege kjelder enn Sun, Daily Mail osv.

 

Når eg først er inne på rykte, så går jo mange av dei i 180 om at vi vil komme til å prøve å signere unge Jack Rodwell allereie i januar. Ikkje alltid like pålitelige Manchester Evening News skriver: United eye £20million Rodwell

Sir Alex Ferguson could be forced to step up his interest in Jack Rodwell - considering a move as soon as January for the Everton starlet. The United boss would have preferred to hold off the transfer until the summer; however, strong interest from Chelsea, whose transfer ban has been lifted during the mid-season window, has changed matters. Man City are also said to be interested in the England U21 midfielder.

 

For min del så har eg ikkje sett veldig mykje til Rodwell, men Everton har jo produsert meget gode unge spelarar tidligare. Dersom han skulle finne på å slå til, så hadde det vore veldig surt å miste han til Chelsea eller City, men samtidig så er 20mill pund MYKJE for ein så ung spelar. Han skal jo ha tatt store steg ved hjelp av førstelagserfaring denne sesongen, men det er likevel ein stor risiko å ta dersom ein blåser avgårde så mykje pengar på så unge spelarar. Det vil alltid vere større sjanse for at ein ung spelar ikkje vil lykkast så godt som ein hadde håpt og på den sentrale midtbana så vil han møte mykje større konkurranse enn han gjer i Everton.

 

Ellers er det berre eit par dagar igjen til vi endelig er tilbake med PL. Merkar svært godt på denne tråden at det har vore landslagspause. Satsar på at vi kan klare eit godt resultat mot Everton og at vi kan bygge på mykje av det vi gjorde mot Chelsea borte. Med Rooney og Berba saman på topp, så reknar eg med at vi får litt meir slagkraft enn vi hadde på brua og så får vi berre håpe at vi legger vekk litt av den sinnsjuke sjansesløsinga vi holdt på med før landslagspausen.

 

Rio er nok definitivt ute. Evans står det ingenting om på United.no, men Physioroom.com melder at både Evans og Carrick er "doubtful" til helga, mens O'Shea som gjekk av med skade i kampen mot Frankrike, skal vere "Very doubtful". Ettersom Gary Neville sonar sin siste kamp av tre kampars karantene, så satsar eg på at vi stiller med noko som liknande dette mot Everton:

 

VDS

Rafael, Brown, Vidic, Evra

Valencia, Fletcher, Giggs/Anderson, Nani

Berbatov, Rooney

 

Benk: Foster, Fabio, Scholes, Obertan, Owen, De Laet, Gibson

 

Everton sliter også med skader, og er ifølge Physioroom det laget som saman med Arsenal har størst skadeproblemer før helga. Rodwell, Saha, Jô, Pienaar, og Tim Howard er tvilsomme til kampen, medan Phil Neville, Vaughn, Osman, Anichebe, Jagielka og Arteta er ute.

 

Vi har altså eit litt skadeutsatt forsvar, men klarer oss ellers rimelig bra. Everton ser pr dags dato ut til å ha større skadeproblemer enn oss, men det blir likevel viktig å ikkje ta lett på oppgåva. Etter tapet mot Chelsea, så må vi tilbake på vinnarsporet om vi skal holde oss i nærleiken av dei andre oppe i toppen. Om chelsea får noko særleg større forsprang, så blir dei svært vanskelege å ta igjen, og eg vil helst ikkje gi Arsenal så mykje rom heller.

 

No har de litt å lese på ;) Tar forbehold om dårlege kjelder, skriveleifar og sånt noko.

Lenke til kommentar
Når vi foresten er inne på videodømming. Det er jo fortsatt noen som er imot regner jeg. Men hva om vi hadde hatt de ekstra dommerene som man har prøvd i Europa League i kampen mellem Frankrike og Irland i går. Da tviler jeg på at dette hadde skjedd. Med mindre Platini har betalt dem...

 

Vel, dei har ikkje vore spesielt effektive i Europaligaen. Hangeland blei jo nesten utvist mot Roma uten å ha gjort noko, og då sto jo den ekstra dommaren berre nokre meter unna uten å foreta seg noko som helst. Dersom dei ikkje skal involvere seg, eller i det minste følge med på kva som skjer, så er det lite vits i. Berre enda ein tulling som blir fornærma når dommarane får kjeft etter kampen. Videodømming ville tatt vekk mykje av den feilmarginane som dommarane må leve med i dag, men det ville også ta vekk noko av sjela til fotballen etter mi meining. Det hadde ikkje vore like kjekt dersom eg ikkje kunne slakte dommaren for å dømme som en idiot innimellom. Heller bedre trente dommarar og større krav til dei, enn videodømming pr i dag. Samtidig så trur eg nok FIFA ser seg nødt til å innføre det etterkvart. Mesterskap blir jo ofte brukt som testar for sånne ting, så enten at dei prøvar det i eit kvinnemesterskap først, eller f. eks i Euro 2012.

 

Fox: You're welcome. ;)

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Det er nok bra for Nani at han får spelt nokonlunde bra på landslaget, men han må begynne å ta med seg det spelet tilbake til Manchester. Eg har trua på potensialet som bur i han, men er redd for at han virkelig må begynne å ta bedre vare på sjansane sine når han får dei, for eg trur nok SAF ser at det er andre som kan gjere mykje av den samme jobben like godt om ikkje han skjerpar seg.

 

Forresten så burde heile laget høre litt på Pat. Koseligaste franskmannen eg veit om: “To play for Manchester United demands huge sacrifices,” said Evra. “This is a club of hard workers. You are there to work hard, there are no glass jewels or paste trinkets here. At United you are carrying the weight of the club’s history. You become a Red Devil when you have fully understood that. The mentality of this club is to hate defeat. In four years I have lost very few League games. To win three League titles was a real achievement. To win a fourth this season would make us legends.”

Der har Nani noko å lære. Om han får kjeft på trening, så er det ein grunn til det. SAF krever mykje av spelarane og forventar også at dei krever mykje av seg sjølv.

“I’m not saying I am better but I really believe in my own qualities as a player,” he added. “His demand for success drives him on and pushes him to the limit. He makes you aware of your responsibilities regarding the team. He trusts me. That means a lot to me. I do what he tells me to do. The day when I can no longer work that hard, I know he will have no qualms at all of dropping me from the team.”

Lenke til kommentar

Arch: Du er ikke lysten på en fast morgenspalte da? Hehe.

 

Mitt lag mot Everton:

 

Vds

Brown - Evans- Vidic - Evra

Nani - Fletcher - Anderson - Obertan

Berbatov - Roooney

 

Nani spiller høyrekant på landslaget og gjør det alltid bra der, noe jeg håper SAF har fått med seg. På venstre har han en tendens til å stoppe opp og finte seg inn i en mur forsvarere, noe han ikke gjør på høyre. Ønsker også å se Obertan fra start, da hans inntredener så langt utelukkende har vært positive.

Lenke til kommentar

Hadde eg hatt tid kvar morgon, så skulle eg heller tatt meg tid til det, men idag var det fullstendig mangel på motivasjon til å drive med skulearbeid, pluss litt lite liv her inne pga landskampane (om vi ser vekk frå VG-live stemning under ekstraomgangane i går.)

 

Om Evans er klar, så trur eg nok det der er eit lag som godt kan fungere. Obertan er veldig spennande, men har neppe utholdenheita til å klare ein heil kamp, så han må ein nok i såfall rekne med å måtte bytte ut ca midt i andreomgang. Fletch Anderson er også min foretrukne kombo på midten, sjølv om at eg gjerne kunne tenke meg å sjå både Giggsy og Ginger der også.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...