Gå til innhold

Manchester United


Old Game

Anbefalte innlegg

Hm, blir litt spennande å sjå korleis vi taklar å spele på kunstgras for ein gongs skuld. I forhold til pasningsspel kan det vere positivt med såpass gode pasningsleggarar som vi har, men det vil jo også føre til at ballen går litt annaleis og gjerne litt raskare enn spelarane er vant til frå naturgras. Spesielt ved kontringar blir det viktig at presisjonen er stor. Hadde gjort mykje godt for utsiktene i Cl om vi kunne komme heim frå Moskva med tre poeng, sånn at vi har muligheita til å vere klare for vidare spel etter fire kampar.

 

Ang. kampen på laurdag så er eg gruelig spent. Vil absolutt ikkje ha reprise av nokon av kampane sist sesong og reknar med at dei fleste United-spelarane er veldig klare for å revansjere seg. Men desse kampane er aldri enkle å forutsjå, då det nesten alltid skjer eit eller anna som ikkje var heilt som vi forventa. Eg håpar virkelig vi klarer å unngå å gjere store tabber, eller pådra oss unødvendige raude kort og liknande. Håper og trur at dette er ein kamp der Giggs kan dominere, omtrent som han gjorde mot Chelsea heime i fjor. Det spørs jo sjølvsagt litt kva midtbanekonstellasjon Liverpool spelar med, men eg syns Giggs har vist at han i det minste har forma inne og eg tippar at han er veldig klar for å slå pool. Når han også slepper å spele mot CSKA så regnar eg også med at han er godt utkvilt og har mykje energi foran kampen.

 

Er spent på kva forsvar vi stiller med mot Liverpool, eller kanskje heller kven som skal spele på høgreback. Gaz gjorde det veldig godt til tider mot Bolton, men var kanskje meir imponerande i angrep enn i forsvar og eg er litt usikker på om han vil klare jobben mot eit bedre lag enn vi møtte sist helg. Rafael er muligens fortsatt litt for overivrig til å stole fullstendig på i slike kampar og då er det kanskje tryggare å spele med ein O'Shea eller Brown. Eg er rett og slett ikkje heilt sikker på kven eg ville valgt.

 

Ser for meg at vi stiller med to nybakte fedre på topp i denne kampen og forhåpentligvis er Rooney kommt seg frå skaden sin og er utkvilt og svært motivert for å slå sine bysbarn. Får berre Coleen og fru Berbatov tar seg av barna om natta slik at angrepsvåpena våre for sove godt foran kampen. Det er gjerne også viktig at Roon treffer med aggresjonsnivået. Han skal jobbe som en helt, ville ha ballen og gjerne bli litt pissed når ikkje alt går hans vei, men det bør ikkje bikke over og ende med gule kort eller enda verre.

 

Er veldig spent og rimelig nervøs foran denne kampen. Det er lov å drømme om at Owen avgjer 12 minutt på overtid eller noko sånt, men aller helst bør det vere avgjort før den tid, ellers kan nok både eg og eindel andre her inne trenge ambulerande hjertestartarar og liknande.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg tviler på at vi kommer til å stille med offangsive spillere på høyrebacken. Tror vi får se O'Shea eller Brown, men man vet aldri. Er en kamp for en spiller som Rafael også dette. En uforutsigbar villmann kan utrette mye offangsivt.

 

Er det ikke sånn at spillerene er på hotell dagen før kamp?

Lenke til kommentar

Kan utrette mykje offensivt ja, han scorte vel mot Clyde på søndag, men så er spm om det er verdt å satse på at han klarer å holde seg i skinnet bakover eller om vi ender med å spele med tre og ein halv mann bakover berre for å få med litt meir kreativitet offensivt?

 

Kan godt hende dei ender på hotell natta før kamp ja. Dei har brukt å gjere det tidligare i det minste.

Lenke til kommentar

Det handler om å være realistisk her. Jeg tviler sterkt på at vi klarer å score mer enn et mål på Anfield, sist gang det skjedde var i 03/04 (Takk for oppklaringen Limbeck).

 

Disse kampene lever sitt eget liv, og det som bekymrer meg mest er Liverpool sin mediokre start på sesongen, det betyr at de kommer til å gruse oss.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...