slettet Skrevet 2. august 2005 Del Skrevet 2. august 2005 (endret) Det er med sorg i sinnet av eg erklærer mitt server-hovudkort, eit dual P3-kort, for dødt. - Rest in pieces, kjære Abit VP6. Du var det beste hovudkortet eg nokon sinne har hatt. Så. Ferdig med sippinga. - Det eg ynskjer meg no er ein single-CPU-servar, men med moglegheit for å utvide til dual. Hovudkort: Kva socket? Socket 604, 754, 939 eller 940? Kva er forskjellen mellom 754, 939 og 940? Eg har prøvd å søke opp, men mistar litt oversikten etter kvart som eg les rundtomkring.. (Må ærleg talt innrømma at eg ikkje er sikker på kva som er kva bland AMD's ulike soklar og prosessorar. ) Som krav til hovudkortet er det fem-seks ting eg tenker på: *Stabilt. Det er ein servar det er snakk om. Greit nok det er for privarbruk, men dog. *PCI-X. Minst to PCI-X-slotar, helst 100/133 (pga. ein, snart to PCI-X-kontrollerkort). *Integrert gbit ethernet. Helst dual. *Integrert skjermkort. Kjekt å ha når ein set opp maskina. *Plass til mykje minne (mange slotar). Kan være eg installerer WMWare på den, og då kan det være greit med mykje minne. *Dual CPU CPU: Som ein følge av valg av hovudkort, kjem valg av CPU. Intel Xenon eller AMD Opteron eller noko anna? Kvifor det eine foran det andre? Prisen på Opteron 242 er 1450,-, noko som absolutt ikkje er ille.. Har tilogmed råd til to av dei! Kabinett: Vurderar eit Image&Sharptek EYE4860BK, samt to Chieftec SATA-drevrammer. Har allereie to CTW 550W PSU'ar. Satsar på at ein av dei klarar å dra hovudkort, cpu, samt ti harddiskar. *kremt* Viss ikkje, so må eg kjøpe ny den dagen eg får råd. Pris: har lagt av 12 500,-, samt skal selje eit kabinett og stereoanlegget mitt, og satsar på å dra inn kring 6000,- der. Så rundt 17 500,- er fint. Då har eg til porto også. Til informasjon: (om du tenker "overkill" så les her..) Servaren blir i hovudsak brukt som filservar, så sånn sett er dual Xenon overkill, men eg likar å leike meg med applikasjonar som Exchange, ISA, samt ein del testing av IAS (RADIUS) osb, og då er det greit med eit system som reagerer. Edit: Stor edit (1h58min), men sånn går det når små'n skal leggast og kloakken går tett. Endret 2. august 2005 av nmedaas Lenke til kommentar
slettet Skrevet 2. august 2005 Forfatter Del Skrevet 2. august 2005 Ok. Eg prøver meg på djupt vatn.. Hovudkortforslag 1: Intel "Clearwater" SE7501CW2 til 2500,- : https://prisguiden.no/vis_produkt.p...roduct_id=22672 Cpuforslag 1: Intel Xenon 2.8GHz, 800MHz, 1MB 2nd cache til 1850,- - https://prisguiden.no/vis_produkt.p...roduct_id=19631 Hovudkortforslag 2: Abit SU-S2 - Anar ikkje kva det kostar, og kor eg får tak i det.. Dessverre... : https://prisguiden.no/vis_produkt.p...roduct_id=22445 Cpuforslag 2: AMD Opteron 242 til 1500,- : https://prisguiden.no/produkt/3129 Hovudkortforslag 3: Tyan Thunder K8W til kr. 4500,- : https://prisguiden.no/vis_produkt.p...roduct_id=26256 Det eg egentleg slit med (ser eg no) er kva hovudkort eg kunne brukt til dual Opteron, som har ein fornuftig pris.. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå