Gå til innhold
Trenger du hjelp med internett og nettverk? Still spørsmål her ×

Internettproblem med D-Link trådlaust nettverk


Anbefalte innlegg

Hei.

 

Vi har to stasjonære datamaskinar i huset, som begge er kopla til routaren. Ein maskin står i første etasje, rett ved sida av routaren, og på den er ein kabel nytta til å kopla seg til routaren. Her verkar alltid internett fint. Eg har også ein maskin ståande i kjellaren, min maskin, der eg har store problem med internettilkoplinga. Vi har kabelinternett, 1024/256.

 

Routaren er av type D-Link DI-614+, og det trådlause nettverkskortet i min datamaskin er D-Link DWL-120 (USB-kort, slik at eg kan plassera det oppå skjermen, der det er nærast routaren). På denne maskin får eg alltid signalet "very low" eller "low". Internett fungerer av og til heilt fint, men vanlegvis klarar eg ikkje kopla meg til internett, sjølv om eg har kontakt med routaren.

 

Eg har omstarta modemet og routaren og skrudd av og på straumen på begge mange gonger. Eg har også tatt ut kabelen inn til nettverkskortet, for så å setja det inn igjen. Eg har reparert tilkoplinga på begge maskinar mange gonger, både ved å trykkja "repair", og ved å "release" og fornya IP-adressa under "start - run - cmd". Eg lasta nett dei nyaste drivarane til kortet frå Windows Update, men det hjalp ikkje.

 

Eg spelar World of Warcraft, men det er vanskeleg når internettet er slikt. Ein sjeldan gong har eg 100-300 ms og alt fungerar fint, men som regel er "latency bar" raud og eg har fleire tusen ms. Då kan eg kan skriva ting som vanleg, men det eg skriv kjem ikkje opp på skjermen for meg sjølv og andre å sjå. Alt rundt meg stoppar opp, men eg kan framleis røra på meg. Eg kan ikkje snakka med andre personar eller koma i kontakt med datastyrde karakterar (NPC'ar). Eg snakka med ein person inne i spelet som hadde same problem som meg, og det synte seg at han hadde også ein D-Link-routar.

 

Kva kan problemet vera? For dårleg signal? I så fall tykkjer eg at det er merkeleg at internett fungerar heilt når det faktisk verkar, og eg kan lasta ned på over 100 kb/s. Eg har vanlegvis framleis kontakt med routaren når internettet er nede.

 

Er det mogleg at routaren eller nettverkskortet er øydelagt? Kan eg då få nytt utstyr? Eg var ein gong på LAN hjå ein kamerat. Eg kunne då kopla meg til det trådlause nettverket deira, men eg hadde problem med internettet og å spela på internett. Han eg var hjå hadde ingen problem. Det enda med at eg kopla ut det trådlause nettverkskortet, og drog ein nettverkskabel frå datamaskinen inn i routaren.

 

Eg set pris på all hjelp og alle innspel.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det er nok ikkje sjølve internettet det er noko galt med. Som sagt verkar internettet heilt fint på den maskinen som er kopla via kabel til routaren. Eg trur nok no at det er i signalet problemet ligg. Vi har også ein bærbar datamaskin. Den har vanlegvis god kontakt med routaren, men når den er i det rommet datamaskinen eg har problem, finn den ikkje nettverket i det heile tatt.

 

Er det nok å bytta ut nettverkskortet, eller må routaren også byttast ut? Er det mogleg å kjøpa ein ting som kan forsterka signalet? Trekkja ein kabel frå datamaskinen inn i routaren er ikkje mogleg, sidan kabelen då må vera 50 meter, og vil vera til stor plage for folk.

Lenke til kommentar

Har dere trådløs telefon i huset?? De fleste jeg har hørt om som har både trådløs telefon og dlink har hatt problemer. Men når signalet ditt ligger på very low eller low, så tror jeg du kanskje burde investert i en sånn.

 

Jeg har en slik en og det fungerer utmerket.

 

Men du kan også prøve å skifte kanal på routeren. Kjøre på kanal 12 f. eks.

Er litt færre ting som forstyrrer da :yes:

Lenke til kommentar

hey...

 

det er jo betongveggen/gulvet som er problemet her...

 

hvis du ikke kan legge kabel (noe som ville vært best, siden betong er drepen for trådløse signaler) er vel en mulighet å kjøpe en trådløs router med mimo teknologi...de har noe lenger rekkevidde....

 

 

du skriver: Kva kan problemet vera? For dårleg signal? I så fall tykkjer eg at det er merkeleg at internett fungerar heilt når det faktisk verkar, og eg kan lasta ned på over 100 kb/s. Eg har vanlegvis framleis kontakt med routaren når internettet er nede.

 

DET ER FAKTISK AKKURAT SLIK NETTVERKET OPPFØRER SEG NÅR DU HAR DÅRLIG/NESTEN INGEN FORBINDELSE MED ROUTEREN...

 

 

 

 

// NorKing1

Endret av NorKing1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...