Anki79 Skrevet 25. juli 2005 Del Skrevet 25. juli 2005 Jeg har akkurat anskaffet meg adobe premiere, og trenger litt hjelp til hvordan å bruke det. Synes bruksanvisningen på engelsk er vanskelig å forstå.... Noen som har lyst til å ta en kort gjennomgang av de ulike vinduene, og hvordan jeg som nybegynner skal klare å redigere en filmsnutt?? Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 25. juli 2005 Del Skrevet 25. juli 2005 NÅr du opner PPro har du ein del vindauge opne. Desse kan du arrangere som du vil, og lagre det oppsettet ved å gå Window --> Workspace --> Save Workspace. Eller du kan bruke eit dei ferdige oppsetta. Om du bruker oppsettet som heiter Editing (hurtigtast Shift F9), finn du to rader med vindauge. På den øverste rada finn du prosjektvindauget til venstre og monitorvindauget til høgre. På den nederste rada finn du (frå venstre mot høgre) ein boks med verktøy, tidslinja, og til sist to boksar, ein som viser info om ulike ting, og ein som viser ei historie over dei handlingane du har gjort. Det fyrste ein vil gjere i eit prosjekt, er å overføre klipp frå kamera til PC. Etter å ha kopla kameraet tiul firewireporten på PCen, går du til File --> Captuer (hurtigtast F5). Om du haker av scene detect nede i venstre hjørne, vil programmet lage nye klipp automatisk. Klippa vert vanlegvis lagt i same mappe som prosjektet ligg i, men det kan du endre under settings (trykk på fanen oppe til høgre). So er det berre å trykke play, og Record. Klippa vert automatisk lagt i Prosjekt-vindauget. du kan gi dei nytt namn og legge dei i ulike mapper for å halde betre orden. For å lage ei ny mappe, trykk på mappe-ikonet nederst i prosjekt-vindauget. Du kan og importere musikk-filer, bilete og anna video inn i prosjektet ditt. Det gjer du ved å gå File --> Import, eller trykke Ctrl + I. Om du dobbeltklikker på eit klipp i prosjektvindauget, kjem dette opp i den monitoren til venstre. her kan du sette inn- og utpunkt, ved å finne det tidspunktet du vil klippet skal byrje og trykke I (for in-point) og det tidspunktet du vil klippet skal slutte og trykke O (for Out-point). For å få klippet ned på tidslinja (den delen du har merka av med inn- og ut-punkt), treng du berre dra det ned i tidslinja. MOnitoren til høgre viser det som er på tidslinja. Om du vil ha berre lyd, eller berre bilete, trykke r du på ikonet nederst til høgre i den venstre delen av monitor-vindauget, slik at det viser anten berre eit lyd-ikon, eller berre eit film-ikon. Standard er begge deler. Du kan og dra klipp direkte frå prosjekt-vindauget til tidslinja, og klippe dei bitane du ikkje vil ha, ved å halde musa over enden av klippet slik at du ser eit ikon som er ei raud klamme med ei pil, og so klikke og dra. I tidslinja organiserer du klippa i den rekkefølgja du vil ha dei. Det er berre å dra klippa rundt med musa. Vil du leggje til tekst, går du til File --> New --> Title. Då kjem det opp eit nytt vindauge, der du kan skrive inn tekst, og formatere teksten slik du vil. Når du lukker det vindauget får du spørsmål om å lagre. Det gjer du, og då kjem teksten opp som ei .ptrl-fil i Prosjekt-vindauget, som du kan dra ned på tidslinja, anten ved sida av eller over video. For å legge til ein effekt/overgang, gå til den fanen i prosjekt-vindauget som heiter Effects, og finn den effekten/overgangen du vil ha, for so å dra den ned på klippet i tidslinja. For å justere effekten, gå til Effect Controls-fanen i monitorvindauget. Håper det hjalp litt. Elles er det berre å drive mykje med programmet, so vil du finne ut meir på eige hand. For å verte litt meir kjend med PPro, vil det ikkje vere dumt å sjå på tutorialane til Curt Wrigley. Sjølv om du ikkje nødvendigvis kjem til å bruke akkurat dei teknikkane han viser, so vil det gjere deg meir kjend med programmet, og du vil kunne bruke dei teknikkane til andre ting. Lenke til kommentar
Anki79 Skrevet 25. juli 2005 Forfatter Del Skrevet 25. juli 2005 Tusen takk!! Skal prøve ut det du skriver og se om jeg får det til. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå