abjork Skrevet 30. juli 2002 Del Skrevet 30. juli 2002 For å gjere historien kort: Har du VIA-hovedkort, styr unna Jensen og Billion. Sats på Dynalink eller Asuscom sine ISDN-kort. Lang versjon: I fjor kjøpte eg i eit Ucom USB ISDN TA. Billion sine produkt kom under namnet Ucom i Skandinavia før. Dette fungerte upåklageleg på mine gamle maskiner med Intel LX og BX-chipsett, men det vart eit sant ******* når eg brukte det på nye utstyret eg sette saman. Dette består av: Chieftec kabinett med 300w straumforsyning: MSI K7T Turbo 2 (Via KT133A chipset) AMD Thunderbird 1,4 Ghz (266) Taisol CPU cooler 384 MB SDRAM PC 133 40 GB IBM 7,200 rpm 45 GB IBM 7,200 rpm Disk drive Hercules Prophet 4500 Asus 40x/10x/16x CDR/CDRW 6x/32x Samsung DVD-ROM Unex 10/100MB PCI-nettverkskort OS: Windows 98SE Agfa Snapscan 1212u Scanner Kodak DC280 Camera Canon LBP-460 Laser printer Når jeg brukte dette Ucom/Billion-produktet, kunne det svært ofte hende at maskina gikk i svart skjerm heng, spontan omstart eller en sjelden blåskjerm når eg surfa på nettet. Eg feilsøkte alt anna enn USB-saken, sidan eg rekna med at USB var ein nok så sikker teknologi, men eg fekk eit anna inntrykk når eg vitja http://www.viaarena.com og andre via-plassar. Ein kamerat hadde mykje likt oppsett med meg, men eit Jensen ISDN-kort internt i maskina, så eg bestemte meg for å bytte ut USB-saken med eit internt kort. Kjøpte eit Billion PCI i trua om at dette vil løyse alle problem, men den gang ei. Sjølve surfeproblema forsvann, men det var ein ting eg ikkje greidde å verte kvitt med dette kortet og det er stabil DMA på Asus-brennar etter at eg har vore på internett. Alt fungerer 100% før ISDN-PCI-kortet vert aktivert. Eg kan installere, kopierer og brenne data utan problem. Men har eg vore på internett, må maskina omstartast før eg kan gjere dette, om ikkje risikerer eg: svart skjerm heng, spontan omstart eller svært sjeldan ein blåskjerm. I dag med spel og programvare som tilstadig skal lese store mengder av data frå CD, er dette eit stort og plagsomt problem. Eg køyrde fleire testar der eg mellom anna fjerna alt som var av ISDN-drivarar til dette kortet og i løpet av testperioden ikkje hadde problem i det heile. Etter fleire rundar kom eg fram til følgjande reglar: Slå av oppringing i tilkoblingar til internett, slik at ISDN-kortet aldri vert initiert med mindre eg klikkar på ekstern påloggings-ikonet Bruk den enklaste drivaren (uten Bandwith on Demand og anna fancy) Når eg har vore på internett, utfør alltid omstart av maskina Sidan eg har hatt så mykje problem med ISDN-delene har eg i vår vore svært aktiv på nettet for å finne informasjon om liknande tilhøve. I april kom eg over ein som trengde hjelp. Han hadde gjort masse med systemet sitt, utan å få vekk heng og kræsj: -lagt inn nyeste skjermkort, lydkort, hovedkort (via 4-1) -flasha bios -kjøpt nytt hovedkort fra asus A7v133-C til MSI kt3-ultra -kjøpt nytt 3dkort fra tnt2 til geforce 2 ti -ny ram fra 256mb 133mhz sdram til 256mb ddr 333mhz -kjøpt ny cpu vifte -kjøpt nytt powersupply -formatert XXX antall ganger og lagt inn både winxp og win2k -jeg har lagt inn MANGE innlegg i dette forumet angående problemet og ingen ting som har blitt foreslått har virket Legg merke til at han har skifta frå Via KT133A cipset til eit nyare Via-chipset. Symptoma han skildra var mykje likt med det eg opplevde med Billion-produkta, så eg spurde han om kva for nett-tilkobling han brukte og det viste seg at han hadde det same Billion PCI-kortet eg har. Eg ba han gjere det eg har gjort, jf. punkta over. Etter 2 veker spurde eg korleis det gjekk og maskina hadde ikkje skapa seg galen i løpet av denne perioden. For ein siste test for å endeleg kunne konkludere på om det faktisk er Billion-produktet som er problemet, kjøpte eg for nokre veker tilbake ein Topcom ISDN-telefon med internt ISDN-kort for PC. Denne fungerer som eit modem i Windows. No har eg testa att både ved hjelp av Billion ISDN-kortet og Topcom-telefonen. Konklusjonen er klar: Brukar eg Topcom-telefonen får eg ingen problem med ustabilitet på brennar ved lesing og skriveing. Ingen heng eller problem med DMA aktivert. Brukar eg Billion ISDN-kortet må eg følgje punkta nemnt tidlegare. Billion er informert om problema med desse to produkta. Eg har no fått rapportar frå ein med eit Jensen internt PCI-kort, som har akkurat dei same problema med CD-brennar. Når han ikkje har vore på nettet, går det fint å brenne og bruke den. Etter å ha vore på nettet -> store problem. Jensen kortet brukar same drivarane som Billon PCI. Sjølv har eg no sett inn eit Dynalink TAS106 og dette fungerer heilt fint. Alle mine problem er borte. Dynalink-kortet brukar same teknologien som Asuscom sine. Lenke til kommentar
abjork Skrevet 30. juli 2002 Forfatter Del Skrevet 30. juli 2002 Til orientering: "Ein kamerat hadde mykje likt oppsett med meg, men eit Jensen ISDN-kort internt i maskina, så eg bestemte meg for å bytte ut USB-saken med eit internt kort. Kjøpte eit Billion PCI i trua om at dette vil løyse alle problem, men den gang ei." Dette er same kameraten som fekk store problem når han investerte i brennar til maskina, jf. slutten av historia mi. Lenke til kommentar
dessident Skrevet 30. juli 2002 Del Skrevet 30. juli 2002 Tror jeg investerer i et nytt isdn kort her nå. Skifta server her hjemme (router) til en dual p3 sak med via chipsett just, og den får spontane reboots og bsods etter en stund på internett, får såvidt spilt ferdig en runde 1on1 osp vett. Bruker Billion isdn kort. Takk for at du sa ifra, sikkert mange som ikke skjønner hva som er galt. Først trodde jeg det var det at den dumpa minne, kjent feil med NT og dual, men etter en oppgradering av via 4in1 får jeg det samme problemet, reboots. Hvor får man tak i slike isdn kort forresten, og hvor mye koster de ? Lenke til kommentar
abjork Skrevet 30. juli 2002 Forfatter Del Skrevet 30. juli 2002 Asuscom skal både PS-data og Komplett ha. Dynalink mener jeg at jeg så på tilbud hos Compo-Data. Lenke til kommentar
EviLEddiE Skrevet 30. juli 2002 Del Skrevet 30. juli 2002 Som servicetekniker hos en av Norges største elektrokjeder har jeg klargjort mange PCer med ISDN-kort. Min erfaring er at Dynalink-kortet (TAS106) meget ofte produserer blåskjermer både i WinME og WinXP (noen ganger kommer det blåskjerm under oppstart). Det er spesielt PCene med HK fra MSI (enkelte modeller fra Hewlett-Packard og Fujitsu-Siemens) med VIA-chipset (her har vi fellesnevneren...) som bruker SDRAM. Har ingen problemer med DDR-RAM - eller med ISDN-kort fra Jensen, som vi har begynt å ta i bruk nå. Jeg anbefaler eiere av Dynalink- og Jensen-kort til å hente ned de nyeste driverne fra bg-consult. Hver ny driver-release er til bl.a for å fikse kompabilitetsproblemer med visse chipset. Lenke til kommentar
Dan Hansen Skrevet 31. juli 2002 Del Skrevet 31. juli 2002 Støtter Edddie her. Nye drivere har i de fleste tilfeller løst mine problemer, uansett type ISDN kort (eller hardware for den saks skyld). Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå