Gå til innhold

Ynskjer tips og råd om bruk av RIS.


Anbefalte innlegg

Heisann.

 

Eg er for tida hyra inn for blant anna å få orden på rundt 220 klientar og nokre servarar i eit nettverk.

 

Alle maskinene skal formaterast og reinstallerast i løpet av dei fyrstkommande dagane, noko som viser seg å kunne verta ein stor jobb..

 

Alle maskinene er produsert av Fujitsu Siemens, og dei varierar alt frå P3 800MHz til P4 2GHz, med ulike chipsett og hardwareoppsett.

 

Tanken min var å bruke RIS/RIPrep på alle maskinene, men det syner seg å være enklare sagt enn gjort.

 

Eg installerer Windows XP, oppgraderer med SP2, legg inn programma som ikkje kjem som .msi-filer og nødvendige drivarar, og køyrer deretter RIPrep for å sende imaget til servar. Eit image per maskintype (chipset).

 

På ein maskintype får eg problem med nettverkskortet. Eg lagar imaget, og det fungere ypperleg, men når eg skal rulle det ut så får eg beskjed om at det ikkje finns drivarar til nettverkskortet, og eg skal velge eit anna image. Nettverkskortet er eit "Intel PRO/100 VE ". Fann ein guide på nettet på korleis ein legg drivarane til eit RIPrep-image, men fekk det ikkje til å fungere. Nokon som har ei løysing på det?

 

Har også prøvd å lage ein unattended installasjon, som melder maskina inn i domenet, legg inn seriekode, maskinnamn, osb., men har ikkje fått det til. Har brukt "Windows XP Deployment Tool" for å opprette fila, men den tar den ikkje.

 

Lurar også på korleis eg automatisk fjernar partisjonane som ligg på disken, og opprettar ein ny partisjon på 5GB, og set den som c:.

 

 

edit:

Har fått løyst problemet med Intel-korta. Sjå lengre ned for løysinga.

Endret av nmedaas
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Eg er for tida hyra inn for blant anna å få orden på rundt 220 klientar og nokre servarar i eit nettverk.

Desverre har jeg ikke mulighet til å gi deg svaret på dine spørsmål, men lykke til.

 

Det høres ut som en veldig stor jobb du har fått, vertfall for en som ikke har så mye erfaring med dette...

 

Anbefaler deg å leie inn en konsulent som har gjort dette før til å hjelpe deg, blir sansyndligvis billigere for de som leier inn deg også. Eller du kan sette deg ned og lese på microsoft sine sider, da løsningene står der.

 

 

har et tips å komme med: hold imaget helt rent og lag heller msi-pakker av den programvaren som ikke kommer som det i utagangspunktet.

Lenke til kommentar

Hehe.

Jau. Det er ein stor jobb, og desverre så har eg liten erfaring med RIS/RIPrep.

 

Har funne mykje, og lese ein del, og har fått mange gode tips, men har desverre ikkje tid til å prøve ut ei ulike løysingane.

 

Kan prøve å lage .msi-filer/pakker av det som skal rullast ut av programvare, men det krev 3dje-parts programvare.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...