Gå til innhold

Sprsml. om ny HTPC. Kva er fornuftig oppsett?


Anbefalte innlegg

Heisann gutter og jenter.

 

/me har fått klarsignal frå sambo på å bygge HTPC (dvs. hu nekta meg det ikkje, iallefall), men ser jo det at eg egentleg ikkje veit kva eg gjer på.

 

Eg har nokre spørsmål og krav, i tillegg til lite peng, så dette kan bli tough.

 

 

Hovudkort og prosessor:

Kva CPU er anbefalt? Eg har allereie ein 1.8GHz P4M, 400MHz, socket 478. [link] Er den brukanes til HTPC-formål? Thermal guideline er vel kor mykje effekt den avgjer, og 30W er ikkje så ille.. Berre 400MHz bus på den, men kor mykje har det å sei for ytelsen?

 

Kva hovudkort kan/bør eg gå for (på den prosessoren)? Det hadde jo vært kjekt å kunne oppgradere med ny CPU om det er behov for det seinare, og kva er då å anbefaler? Socket 479m? Er det ein måte å få ein 478 i eit 479 hovudkort, eller omvendt?

 

Kva anna bør eg vite om HK/CPU før eventuelt innkjøp? Har AMD noko tilsvarane mobile-prosessorane til Intel?

 

Skjermkort:

TV inn/ut er nødvendigvis eit must, men.. Eg har ein gammal tv med scart inn/ut. Er då eit adapter frå s-video eller composite ei grei løysing? Men obs.. Stor sansynlegheit for at det blir plasma eller videokanon med DVI seinare.. Passiv kjøling er (nesten) eit must, då eg vil ha ting så stillegåande som mogleg.

 

Lydkort:

Egentleg treng eg ikkje eit skikkeleg lydkort for øyeblikket, då det er tv'n som sørger for lyd. Blir kanskje eit 5.1 anlegg ei gong i tida, men me tek det når den tid kjem. Onboard lydkort fungerer fint inntil vidare..

 

Harddisk:

Eg tenkte å bruke ein 2,5" SATA-disk i maskina, då den nok yter betre enn eit CF-card, men utviklar mindre lyd og varme enn eit 3,5". Fornuftig? Eg har ein filservar som tar seg av lagringa, so bruksaområdet på den er os og installerte program.

 

CD/DVD:

Må sjølvsagt ha ein CD/DVD-rom i maskina. Kva er stillegåande ved bruk, og tar det meste av DVDar (dvs. sonefri)? SATA-grensesnitt?

 

Straumforsyning:

Viftelaus? Eg meinar at 350 watt er plenty.. Eller nokre meiningar om det?

 

Minne:

Eg har 1,5 GB twinmos 3200 ddrram liggande. Tenkte å bruke det..

 

Kabinett:

Kva kabinett? Fjernkontroll? Display i front?

Eg reknar med det vert eit lite hovudkort, og det kan jo være greit. Må ha plass eit ein 2,5" eller 3,5" internt, og ein 5.25" til CD/DVD (gjerne diskre, med bezel). Kva treng ein av luft/gjennomtrekk? Nøkkelord er stillegåande. Har sansen for reine linjer, svart og aluminium. Skal jo stå i stereobenken i stova, så...

 

Økonomi:

Eg ser allerede her at eg kjem til å sprenge budsjettet. Eg hadde håpt eg fekk gjort noko for seks-sju tusen, men det er vel berre å gløyme. Under ti, så er eg nøygd. Kjøpe litt og litt, så merkast det ikkje så godt på økonomien. ;)

 

Då håpa eg verkeleg at eg får nokre forslag på oppsett og andre tips, og litt diskusjon på oppsetta som vert foreslått.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...